ID 1020 Omsorg når det trengst – bli vår tilkallingsressurs i pleie og omsorg
Om stillingen
Fitjar kommune søkjer fleire tilkallingsvikarar med hjarte for omsorg
Har du eit medmenneskeleg blikk og ønskjer å bidra når behovet oppstår? Vi treng deg som kan stille opp som tilkallingsvikar ved Fitjar bu- og behandlingssenter og i heimesjukepleien , både til inne- og utetenester. Her får du moglegheita til å gjere ein forskjell -- på dagar der nokon treng deg aller mest.
Kvalifikasjonar:
Gjerne sjukepleiarstudent eller student/elev innan helse, ufaglærte kan også søkje dersom ein har litt praksis/erfaring.
Gode norsk kunnskapar skriftleg og munnleg
Gode evner til å jobbe sjølvstendig og samarbeida med andre
Interesse for, og glede av å jobba med menneske med ulike hjelpebehov
Jobbar systematisk og tek ansvar og initiativ for avdelinga si totale drift
Me tilbyr:
Triveleg arbeidsmiljø med gode kollegaer og eit godt fagmiljø
Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov og avtaleverk
God forsikrings- og pensjonsordning
God opplæring og rettleiing
Fitjar kommune ynskjer eit mangfaldig arbeidsmiljø og oppmodar alle kvalifiserte til å søkje uavhengig av kjønn, alder og etnisk bakgrunn.
Vitnemål og attestar skal takast med ved innkalling til intervju. Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju fortløpande. Den som vert tilsett må levera politiattest av nyare dato.
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å kontakte einingsleiar Olav Sande, einingsleiar pleie- og omsorg, tlf. 9360 9390
Søknadsfrist: Snarast, tilsetjing fortløpande ut oktober 2025


