Kinn helsestasjon Florø

Helsesjukepleiar vikariat

OmrådeKinn
Publisert5.3.2025
Søk senest24.3.2025

Om stillingen

Kinn helsestasjon har totalt 19,4 årsverk, som er fordelt på to avdelingar, ei i Måløy og ei i Florø.
Kinn helsestasjon er organisert i oppvekst og undervisningssektoren med ein felles tenesteleiar for Kinn helsestasjon og ein avdelingsleiar på kvar avdeling. Det er ledig vikariat som helsesjukepleiar i 100%  frå 1. mai 2025 til 1. april 2026 med mulighet for forlengelse.

Arbeidsoppgåver

Stillinga er knytt til Kinn helsestasjon, avdeling Florø. Helsestasjonen har som mål å jobbe for å fremje psykisk og fysisk helse, fremje gode sosiale og miljømessige forhold og forebyggje sjukdom og skade hos barn og unge.
Arbeidsoppgåver blir utført etter nasjonal faglege retningslinjer frå Helsedirektoratet, og arbeidsområda er ein kombinasjon mellom barn 0-5 år og skulehelseteneste.

Kvalifikasjonar

Godkjent helsesjukepleiarutdanning
Helsesjukepleiarstudent eller sjukepleiar som ynskjer å vidareutdanne seg som helsesjukepleiar kan bli vurdert.
Gode norskkunnskaper, både munnleg og skriftleg
Førarkort klasse B.
Beherskar digitale verktøy og data godt
Erfaring og evne til tverrfagleg samarbeid

Personlege eigenskapar

Du er fagleg og personleg trygg
Du har god evne til kommunikasjon med brukarar
Du har evne til tett lagsamarbeid, er strukturert, fleksibel og har gjennomføringsevne
Du har stor arbeidskapasitet og kan arbeide sjølvstendig og målretta innafor gitte rammer
Du har stort engasjement for barn og ung sin oppvekst
Du er omgjengeleg og fleksibel
Det blir  lagt vekt på om du er personleg eigna

Vi tilbyr

Utfordrande arbeid i eit spennande og dynamisk kollegium. Tilsetting på vanlege kommunale vilkår, lønn etter tariff, helsesjukepleiarar har eit særskilt tillegg på kr 30.000 i høve 100% stillling, kompetanselønnsystem. God KLP pensjon.

Kontaktinformasjon

Kari Liseth, Tenesteleiar Helsestasjon, +47 97588744

Arbeidsstad

Hans Blomgate 39
6905 Florø

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kinn kommune

Referansenr.: 4932421532
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.05.2025
Sluttdato: 01.04.2026
Søknadsfrist: 25.03.2025

Kinn helsestasjon Florø

BedriftKinn helsestasjon Florø
Om bedriften

Vår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling.  Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.386 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget.  I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.

Søk etter flere lignende stillinger