Jobbsafari
Helse og omsorg, Vanylven kommune

Helsesjukepleiar vikariat

26 dager siden
OmrådeFiskå
Søk senest12.6.2024
JobbdetaljerVikariat

Om stillingen

Helsestasjonen har ledig 1 års vikariat som helsesjukepleiar for inntil 100% stilling, med moglegheit for fast tilsetting. Tenesta omfattar helsestasjon for spe- og småbarn, skulehelseteneste og helsestasjon for ungdom, og er organisert under Helse- og omsorgssektoren. Ein har tilknytta helsestasjonslege, jordmor, fysioterapeut og familieterapeut i tenesta, og det er samarbeid med fastlegar og psykolog.


Ein samarbeider også tett med barnehagar og skular, og ein arbeider med å styrke tverrfagleg innsats for barn og unge. Vi ønkjer oss ein helsesjukepleiar som er engasjert og sjølvstendig i faget, og likar og arbeide tverrfagleg.


Arbeidsoppgåver

Arbeid med barn, unge og deira føresette i tråd med nasjonale retningslinjer for helsestasjon, skulehelseteneste og helsestasjon for ungdom


Fokus på psykisk helse for skuleborn


Foreldreveiledning


Tverrfagleg samarbeid


Arbeid med flyktningar


Andre oppgåver det kan bli behov for i tenesta

Kvalifikasjonar

Norsk autorisasjon som sjukepleiar med vidareutdanning i helsesjukepleie. Dersom ingen oppfyller kvalifikasjonskrava, kan sjukepleiar bli vurdert for stillinga.


Relevant praksis og erfaring


Spesiell interesse for arbeid med barn og unge


Gode IKT-ferdigheiter. Vanylven kommune har no innført Helseplattformen.


Kjennskap til fagverktøy som NBO, COS-P, ICDP og BTS er ein fordel.


Politiattest av ny dato må leggast fram før oppstart i stillinga.


Søkjar må ha førarkort og disponere eigen bil.

Personlege eigenskapar

Ha positiv tilnærming til utfordringar og vere fleksibel.


Vere sjølvdrivande og initiativrik.


Mot til å gå inn i den vanskelege samtala.


Samarbeide godt.


Bidra til eit godt arbeidsmiljø.


Det er ynskjeleg med to referansar

Vi tilbyr

Ein arbeidsplass i utvikling.


Interessante, meiningsfulle og varierte arbeidsoppgåver.


Du vil få god opplæring og veiledning undervegs.


Gode pensjons- og forsikringsordningar.


Løn og tilsetjing på kommunale vilkår etter gjeldande lov og avtaleverk.


Som tilflyttar til Vanylven kommune kan du få nedbetalt studielån med 15% per år i arbeid, maks 28000,- per år etter nærare retningslinjer

Kontaktinformasjon

Gry Janne Bringsvor, leiande helsesjukepleiar, 97988459, [email protected]


Eli Tefre Nordal, kommunalsjef helse og omsorg, 41424805


Aasta Hamre, HR -leiar, 48198447, [email protected]


Arbeidsstad

Rådhuset


6143 Fiskå


Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vanylven kommune



Referansenr.: 4815502212


Stillingsprosent: 100%


Vikar


Startdato: 01.09.2024


Sluttdato: 30.08.2025


Søknadsfrist: 12.06.2024



Helse og omsorg, Vanylven kommune

BedriftHelse og omsorg, Vanylven kommune
Om bedriften

Vanylven kommune ligg lengst sørvest på Sunnmøre, i Møre og Romsdal fylke, og har omlag 3 000 innbyggjarar. Saman med kommunane Sande, Ulstein, Hareid, Herøy, Ørsta og Volda utgjer vi 50 000 innbyggjarar. 

Kommunen har eit mangfaldig næringsliv og aktive bygdemiljø. Ein geografi som strekkjer seg frå opne kystlandskap til indre dalføre gjer uendelege moglegheiter for friluftsliv og naturopplevingar. 
Innanfor regionen vår har ein tilgang på det ein treng av arbeid, til sjukehus, til høgskule, flyplass, handel og fleire opplevingar. 

Velkomen til å søkje hjå oss! 

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger