Haram Sv

Helsesjukepleiar

Område

Brattvåg

Publisert

5.6.2026

Søk senest

15.6.2026

Om stillingen

Om stillinga

I helsestasjonstenesta har vi no ledig 80% fast stilling.
Stillinga er organisert under livsløp, eit kommunalområde der ein har samla fleire tenester som er viktige bidragsytarar i livsløpet til kommunen sine innbyggjarar. Saman med oss skal du vere med å levere gode tenester til barn, ungdom og deira føresette i Haram kommune.
Kommunalområde livsløp består av tenesteområde psykisk helse og rus, pedagogisk fagsenter, ressursbase, integrering, barnevern, NAV, ergoterapi, fysioterapi, lege og helsestasjonstenester.
Haram kommune er ein ambisiøs kommune med gode, heilskaplege tenester. Vi skal særleg ha fokus på å spele kvarandre gode, og arbeide på tvers for å skape gode tenester for innbyggjarar og næringsliv. Helsestasjonen er ei teneste for barn og unge frå 0-24 år.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåvene er heimla i lov om kommunale helse-og omsorgstenester og omfattar helsestasjon, skulehelseteneste og helsestasjon for ungdom
  • Rettleiing til barn og unge, samt til foreldre og kollegaer
  • Individuelle samtalar
  • Heimebesøk
  • Samarbeid med andre utøvande tenester
  • Du må rekne med noko reiseaktivitet, og eigen bil må påreknast brukt i tenesta.


Kvalifikasjonar

  • Godkjent helsesjukepleiarutdanning (sjukepleiar som er under helsesjukepleiarutdanning kan søkje og bli vurdert for tilsetting)
  • Erfaring frå arbeid med barn og unge
  • Relevant kompetanse ift. arbeid med psykisk helse blant barn og unge er ein fordel
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Førarkort klasse B


Personlege eigenskapar

  • For stillingane vil det bli lagt stor vekt på at ein er personleg eigna og vi ynskjer ein person som er ein god lagspelar.
  • Ha gode kommunikasjons- og samhandlingsevner
  • Stor evne til å oppnå kontakt og skape gode relasjonar til andre
  • Ha evne til å arbeide målretta, strukturert og sjølvstendig
  • Er utviklingsorientert, fleksibel og samarbeidsvillig
  • Har vilje og interesse for utvikling av organisasjonen og medarbeidar ved å samhandle
  • Likar å arbeide tverrfagleg og i tett samarbeid med andre instansar


Vi tilbyr

  • Meiningsfylt og interessant arbeid i eit triveleg miljø i stadig utvikling
  • Utfordrande oppgåver i ein organisasjon med stort potensial og kompetente kollegaer
  • Tverrfagleg samarbeid og kompetanseutvikling
  • Godt arbeidsmiljø i nye og moderne fasilitetar på tenestehuset i Brattvåg
  • Løn etter avtale. Pensjons- og forsikringsordning gjennom KLP
Tilbake til toppen

Haram Sv

Bedrift

Haram Sv

Vis flere jobber for denne bedriften

Søk etter flere lignende stillinger

Brattvåg

Lignende stillinger

Arbeidsleder for installasjon, KONE Oslo

Kone Norway

Oslo8.6. - inntil videre
Du finner oss også på sosiale medier:

Jobbsafari er Norges nye arbeidslivsmedium og jobbsøkerside. Jobbsafari tilbyr tips og nyheter om arbeidsliv, jobbsøking og rekruttering. Hos oss finner du flest ledige stillinger med ett enkelt søk! Jobbsafari er en del av Jobbland, et ledende nordisk rekrutteringsmarkedsføringsselskap og en jobbmarkedsplass med millioner av brukere i Finland, Sverige og Norge.

  • Bla gjennom jobber
  • Jobber i ulike områder
  • Jobber i ulike yrkeskategorier
  • Jobber i ulike yrker
  • Jobber i ulike bedrifter
© 2026 Jobbland AS