Marie Nora Roald

Helsesekretær/sekretær

OmrådeÅlesund
Publisert6.10.2025
Søk senest23.10.2025

Om stillingen

Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank er den største avdelinga i Klinikk for diagnostikk, med seksjonar ved alle dei tre sjukehusa i føretaket. Medisinsk biokjemi og blodbank Ålesund har 55 stillingar og om lag 66 tilsette.

Seksjonen består av fagområda hematologi og koagulasjon, service med preanalyse og PNA, automasjon med pre/post-analyse, klinisk kjemi og immunkjemi, protein/allergi, blodbank/transfusjonsmedisin og ekspedisjon.

Vi har ledig 100 % fast stilling som helsesekretær/sekretær ved ekspedisjonen frå 01.11.2025, eller etter nærare avtale med seksjonsleiar. Det kan også vere mogleg med vikariat. 

Vi ber om at attestar og vitnemål blir scanna og lasta opp som vedlegg til CV/søknad.


Arbeidsoppgåver

Delta i ekspedisjonen sine daglege oppgåver, mellom anna: 

  • Rekvirering og oppfølging av blodprøvebestillingar
  • Innkalling og kontakt med blodgivarar
  • Besvare telefon-, e-post og andre henvendelsar
  • Sending av prøver
  • Vask av laboratorieutstyr
  • Deltakelse i blodprøvetaking etter behov og kvalifikasjonar
  • Delta i laboratoriet sine andre arbeidsoppgåver
  • Oppgåvene vert tilpassa etter laboratoriet sine behov
  • Delta i laboratoriet sin vaktturnus (per i dag dag- og kveldsvakter kvardagar)

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som helsesekretær er ønskeleg
  • Relevant erfaring
  • Gode datakunnskapar
  • Tidlegare erfaring med aktuelle arbeidssystem er ein fordel
  • Må beherske norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Ansvarsbevisst, nøyaktig og strukturert
  • Evne til å kunne omstille seg
  • Interesse for kompetanseheving
  • Kunne arbeide sjølvstendig og i team
  • Engasjert, initiativrik og villig til å stå på i eit spennande og hektisk miljø

Personlege eigenskapar og eignaheit vil bli sterkt vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Interessante og varierte arbeidsoppgåver
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Marie Nora Roald, Seksjonsleiar, +47 41570968, [email protected]

Arbeidsstad

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5020323150
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.10.2025

Marie Nora Roald

BedriftMarie Nora Roald

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

Cabin Crew

Emirates

Dubai31.10. - 30.11.
Anbefalt