Helsesekretær
Om stillingen
Bli med på laget på LMBB ? din sjanse til å kombinere fagleg utvikling med spektakulær vestlandsnatur!
Er du helsesekretær og klar for nye utfordringar? Vi har ledig vikariat på 50% fram til 15.04.2026, med moglegheit for auke i stillingsprosent og forlenging.
Hos oss på Lab. medisinsk biokjemi og blodbank (LMBB) i Førde, får du moglegheit til å jobbe med moderne analysemetodar i eit dynamisk og sosialt arbeidsmiljø.
🌟 Her får du:
- Pasientretta oppgåver innan prøvetaking og preanalyse
- Tett samarbeid med erfarne og hyggelige kollegaer i eit team på ca. 35 dedikerte medarbeidarar (bioingeniørar, helsesekretærar, legar og sjukepleiarar)
- Arbeide med topp moderne utstyr og automasjon
- Dagarbeidstid og mellomvakter
🌍 Førde ? din nye by:
- Ein sjarmerande by med rikt kulturtilbod, butikkar, restaurantar og arrangement
- Fantastisk tilgang til naturen: toppturar, skianlegg, båtliv og fiskemoglegheiter rett utanfor døra
- Sentralt plassert mellom Ålesund og Bergen. Oslo er berre ein kort flytur unna.
🎉 Sosialt miljø:
Vi trur på balanse mellom arbeid og fritid! Bli med på buldring, jogging, quiz, kampsport og andre kjekke og sosiale aktivitetar saman med kollegaer.
Er du klar for å ta steget? Ta kontakt for spørsmål om stillinga, og bli ein del av vårt team!
Startdato etter avtale. Vi gledar oss til å bli kjent med deg!
Sjå video for å bli kjent med oss i LMBB .
Arbeidsoppgåver
- Pasientretta oppgåver innan prøvetaking og preanalyse
- Utføre PNA-analyser
- Tapping av blodgiverar
- Ekspedisjon/ posthandtering
- Telefonekspedering frå avdelingar på sjukehus og spesialist- og primærhelsetenesta
- Stillinga har dagarbeidstid og mellomvakter. Det vil også bli aktuelt med arbeid i helg.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsesekretær
- Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
- Relevant praksis/arbeidserfaring innan blodprøvetaking er ein fordel
- Gode IKT kunnskapar
Personlege eigenskapar
- Stukturert og målretta
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Sjølvstendig, fokusert og ansvarsbevisst
- Må trivast i eit aktivt miljø
- Vere serviceinnstilt
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Opplæringsprogram for nytilsette
- Fagleg og personleg utvikling
- Triveleg og aktivt arbeidsmiljø
- Arbeid i IA-bedrift
- Hjelp med bustad, opplys i søknaden dersom det er ønskjeleg
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Nina Merkesdal Hole, Seksjonsleiar, 57 83 92 87Robin-Andre Sørland, Avdelingssjef, 91 82 51 48
Arbeidssted
Svanehaugvegen 26812 FØRDE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 4918574921
Stillingsprosent: 50%
Vikariat
Søknadsfrist: 23.03.2025
LMBB, seksjon Førde sentralsjukehus, Helse Førde
Søk etter flere lignende stillinger
Lignende stillinger
Cabin Crew
Arbeidsleder, Lumon Norge AS, Oslo
Oslo - Lumon Norge AS - Publisert 28.3.2025TUI Hotel or Service Rep
Norge - Tui Holding AS - Publisert 25.3.2025Arbeidsledere, KONE Oslo
Oslo - Kone Norway - Publisert 16.4.2025Vi søker lagermedarbeidere
Dør og Porttekniker til KONE Doors - Hamar
Finland - Kone Norway - Publisert 14.4.2025