Jobbsafari
Heimetenester Midt-Telemark

Helsefagarbeider - vikariat 

OmrådeBø i Telemark
Publisert20.2.2024
Søk senest4.3.2024

Om stillingen

I heimetenesten Midt-Telemark arbeider ein både ute i kommunen og i kommunale omsorgsbustadar. Me har eit fagleg godt og sosialt arbeidsmiljø og er opptatt av at alle skal bidra til å gi pasientane ei god teneste.
Avdelinga har ressursgrupper som skal bidra til fagleg utvikling for både pasientar og kollegaer og me har nyleg oppretta desse fagteama:

  • Kolsteam
  • Sårteam
  • Kreftteam
  • Demensteam
  • Sjukepleiarteam
  • Innsatsteam

Me jobbar aktivt med velferdsteknologi og avdelinga er med i akuttkjedeprosjektet og læringsnettverket for gode pasientforløp. 

Heimetenesten Midt-Telemark har 3 vikariater ledige:

  • 80 % med varighet til 05.01.2025 med turnus i demensteamet og sone Gvarv med langvakter (14,5 t)  kvar fjerde helg.
  • 80 %  med varighet til  30.09.2024 med turnus i kreftteamet og Sone Gvarv med langvakter (14,5 t) kvar fjerde helg.
  • 100 % med varighet til 30.09.2024 med turnus i innsatsteamet og Sone Gvarv med langvakter (12,5 t) kvar fjerde helg.

Skriv gjerne i søknaden kva for vikariat du søkjer på.


Arbeidsoppgåver

  • Helsetenester og oppfølging av pasientar
  • Samarbeid med pårørande
  • Samarbeid med andre aktørar som lege, fysioterapeut, ergoterapeut og tenestekontor
  • Dokumentasjon

Kvalifikasjonar

Krav til kvalifikasjonar

  • Autorisert helsefagarbeidar
  • Førerkort klasse B
  • Du må kunne kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg

Ønska kompetanse

  • Erfaring frå helsetjeneste
  • God kjennskap til bruk av data som verktøy

Særskilde krav

  • Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.

Personlege eigenskapar

Vi treng deg som:

  • har evne til sjølvstendig, strukturert og målretta arbeid
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • er strukturert og løysningsorientera
  • har godt humør og innehar ein positiv innstilling samt kunne tole psykiske og fysisk krevjande utfordringar
  • har evne til å ivareta og bidra til eit godt arbeidsmiljø

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • Spennande arbeidskvardag med nysatsing på eiga fagsone
  • E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
  • Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Kopi av vitnemål og attestar tas med ved eventuelt intervju.

Kontaktinformasjon

Elisabeth Josefsen, Avdelingsleiar, +47 99358302

Arbeidsstad

Gamleveg 46
3802 Bø i Telemark

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune

Referansenr.: 4768989687
Stillingsprosent: 100, 80%
Vikar
Startdato: 01.03.2024
Sluttdato: 30.09.2024
Søknadsfrist: 04.03.2024

Heimetenester Midt-Telemark

BedriftHeimetenester Midt-Telemark
Om bedriften

Me ønskjer i møte med innbyggjarane våre å fremja sjølvstende, kvardagsmeistring, tryggleik og oppleving av styring og kontroll i eige liv. Tenestene me yter skal bidra til å støtta opp under ressursane i personen og samtidig byggja opp under ansvaret til den enkelte og aktiv medverknad i eige liv. Me jobbar ut i frå «kva er viktig for deg?» metodikken og legg til rette for at pårørande, familie og nettverk medverkar i samsvar med ønska til den enkelte. I omsorgstrappa vår er hovudprinsippet at «så lenge eg kan bu heime, så bur eg heime». Me har høgt fokus på gode pasient-/brukarforløp mellom dei ulike trinna i omsorgstrappa.

Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.

Søk etter flere lignende stillinger