Unni Systaddal

Helsefagarbeider

OmrådeHyllestad
Publisert30.10.2025
Søk senest31.12.2025

Om stillingen

Helsefagarbeider

Hva vi ser etter

Helsefagarbeidarar, hjelpepleiarar, omsorgsarbeidarar

Arbeidsoppgaver

Som helsefagarbeidar vil dine daglege arbeidsoppgåver mellom anna vere:

Yte pleie og helsehjelp til pasientane våre

Medikamenthandtering i samråd med sjukepleiar

Oppfølging av individuelle planar

Bidra og sikre til god kvalitet og forsvarlegheit i tenesta

Tverrfagleg samarbeid, deltaking i utvikling- og forbetringsarbeid

Journalføring i CosDoc, kontakt med pasientar og deira pårørande

Andre oppgåver kan kome i tillegg og oppgåvene kan endre seg etter behov.

Vi tilbyr

Kvifor søkje hos oss?

Interessante, spennande, meiningsfulle og varierte oppgåver ventar på deg

Du kan utgjere ein forskjel og vere med å skape gode dagar for pasientane våre, både i heimetenesta og ved sjukeheimen

Du får samarbeide med kompetente kollegaer i eit etablert fagmiljø

Moglegheit til å påvirke eigen arbeidsdag og utvikle eigen kompetanse

3-delt turnus, per i dag har vi årsplan

I tillegg vert du medlem i KLP, ei av landets beste pensjonsordningar. Les gjerne meir om medlemsfordelane i KLP

Kvifor Hyllestad?

Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste, du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten, her er gode moglegheiter for jakt og fiske. I Hyllestad er det rom og moglegheiter for både familiar og einslege. Vi har mange fritidsaktivitetar i regi av ulike lag og organisasjonar. Og - her er plass til fleire, kanskje akkurat deg?

Vi har ledige byggeklare tomter med flott utsikt og gode solforhold, fritids- og aktivitetstilbod for både store og små, rimelege barnehageplassar.

Har du lyst å lese meir om livet i Hyllestad, sjekk ut Hyllestadinfo

Hyllestad er ein av kommunane der du får sletta 25.000 kroner av studielånet ditt kvart år til dess det er nedbetalt. Du må vere busett i Hyllestad, og vere yrkesaktiv i minst eitt år før ordninga vert gjeldande for deg.

Unni Systaddal

BedriftUnni Systaddal

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

Cabin Crew

Emirates

Dubai30.12. - 31.1.
Anbefalt