Jobbsafari
KK FSS Kvinneklinikken Poliklinikk, Helse Førde

Helsefagarbeidar/hjelpepleiar

OmrådeSunnfjord
Publisert25.10.2024
Søk senest9.11.2024

Om stillingen

Poliklinikk for Gynekologi og Føde, Førde sentralsjukehus har ledig årsvikariat i 40% stilling som helsefagarbeidar, mogeleg med forlenging. 
Oppstart snarast/etter avtale. 

Kvinneklinikken har seksjonar ved Førde sentralsjukehus, Nordfjord sjukehus og Lærdal sjukehus. 

Seksjonen ved Førde sentralsjukehus har ei fødeavdeling med 850-900 fødslar per år. Stor aktivitet på gynekologisk poliklinikk, fødepoliklinikk og operasjon. Behandling av gynekologisk kreft i samråd med HUS. Ved lokalsjukehusa på Eid og Lærdal har ein God start einingar med barsel- og poliklinisk tilbod.

Poliklinikken gir tilbud om vurdering, undersøking og behandling av ny-henviste pasientar, samt kontroll og oppfølging av tilstandar i fagområdet.


Arbeidsoppgåver

  • Assistere ved undersøkingar,operasjonar i poliklinikken. 
  • Delta i dagleg drift med oppgåver tilhøyrande dette
  • Undervisning og rettleiing av andre yrkesgrupper, kollegaer, pasientar, pårørande og studentar
  • Dokumentasjon (Dips, Imatis, Meona)
  • Førefallande arbeid i poliklinikk. 
  • Deltaking i ulike prosjektarbeid

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som hjelpepleier eller helsefagarbeider
  • Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
  • Må ha gode IKT-kunnskapar
  • Søkjar med erfaring innan fagområdet vert føretrekt

Personlege eigenskapar

  • Du er positiv og framoverlent, og har interesse for fagfeltet 
  • Du arbeider strukturert og er fleksibel i forhold til arbeidsoppgåver
  • Du er løysningsorientert med evne til å jobbe sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner.
  • Du har ein god kommunikasjon med kollegaer, pasientar og pårørande
  • Du er god til å sjå kva som må gjerast, og tilbyr og mottar gjerne hjelp
  • Du bidreg til det beste for avdelinga 

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Arbeidstid: Dagtid
  • Relevant opplæring

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Ida Alette Lien, Seksjonsleiar, 958 93 889

Arbeidsstad

Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde

Referansenr.: 4876504071
Stillingsprosent: 40%
Vikariat
Søknadsfrist: 10.11.2024

KK FSS Kvinneklinikken Poliklinikk, Helse Førde

BedriftKK FSS Kvinneklinikken Poliklinikk, Helse Førde

Søk etter flere lignende stillinger