Gloppen heimeteneste, Gloppen kommune

Helsefagarbeidar/hjelpepleiar

OmrådeGloppen
Publisert9.6.2025
Søk senest19.7.2025

Om stillingen

Er du ein dyktig, engasjert og pliktoppfyllande hjelpepleiar/helsefagarbeidar med godt humør og vil vere med å gjere ein forskjell? Ein av våre gode kollegaer skal over i pensjonistlivet og vi søkjer ein ny god kollega til ei 100 % fast stilling i Gloppen heimeteneste.

Gloppen kommune jobbar for at innbyggjarane kan bu heime lengst mogleg . Vi jobbar tverrfagleg for å kunne tilby pasientar gode tenester som er basert på kvalitet. Vi ønskjer å bidra til at pasientane skal oppleve meistring i kvardagen, og tilbyr både kvardagsrehabilitering samt velferdsteknologi. Hjå oss er du i eit team med både sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, hjelpepleiarar og pleiemedarbeidarar.  Som tilsett hjå oss vil du få ein variert og meiningsfylt arbeidskvardag i eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer. Du vil få god opplæring og høve til utvikling innan fleire spennande fagfelt. I heimetenesta vil du møte ei svært variert brukargruppe med samansette ufordringar og behov.

Faglege utfordringar kjem stadig og vi søker etter deg som ser at praksis og arbeidsmetodar må endrast i takt med oppdraget vårt, og ser dette som ein naturlig del av det å vere tilsett.

Stillinga er for tida i Breim heimeteneste og organisert i todelt turnus med arbeid kvar 3.helg. Vi har jobba utifrå TØRN og ser heile tida etter betre måtar å organisere både oppgåver og arbeidsplassen for dei tilsette, ønskjer du å vere med oss vidare på denne reisa?


Arbeidsoppgåver

  • Utføre pleie/omsorgssoppgåver ut frå brukaren sine behov og vedtak
  • Legemiddelhandtering
  • Velferdsteknologi
  • Utføre praktisk hjelp ved behov
  • Dokumentasjon

Kvalifikasjonar

  • Vi ser etter deg som har norsk autorisasjon som hjelpepleiar/helsefagarbeidar
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • Førarkort for personbil

Personlege eigenskapar

  • Du er ein person som er lærevilleg.
  • Du er ein person som både kan jobbe sjølvstendig og samarbeider godt med andre.
  • Du er glad i menneske og har omsorg og empati.
  • Du må like variert arbeid og vere open/fleksibel 

Vi tilbyr

  • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
  • Fagutvikling gjennom e-kurs og liknande
  • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale

For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader
Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding

Kontaktinformasjon

Cecilie M. Helgheim, Tenesteleiar heimetenesta, +47 472 60 601

Arbeidsstad

Grandavegen 9
6823 Sandane

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Gloppen kommune

Referansenr.: 4980669328
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.07.2025

Gloppen heimeteneste, Gloppen kommune

BedriftGloppen heimeteneste, Gloppen kommune

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

Regional Manufacturing Excellence Manager

Mondelez International

Sverige7/4 - 7/18
Anbefalt