Jobbsafari
AAM FSS intensiv, Helse Førde

Helsefagarbeidar/hjelpepleiar

OmrådeSunnfjord
Publisert28.10.2024
Søk senest16.11.2024

Om stillingen

 AAM FSS intensiv har ledig fast stilling for engasjert og dyktig helsefagarbeidar/hjelpepleiar frå 01.01.2025.

Intensivavdelinga i Førde er ei avdeling med sentralsjukehusfunksjon for Sogn og Fjordane. Avdelinga har både  medisinske og kirurgiske pasientar, der ein har alt frå pasientar med enkle kirurgiske inngrep, til intensivpasientar med behov for respirasjonsstøtte, både non-invasiv og invasiv. Avdelinga tilbyr pasienter m.a.  hemofiltrasjonsbehandling og hypotermi etter hjertestans.

Førde sentralsjukehus ligg sentralt til i Førde. Ein har gode kommunikasjonsmoglegheiter både til Oslo og Bergen, både med fly og buss. Om du likar shopping, trening på treningsssenter, forskjellige idrettar eller turar i skog og fjell, så er dette fasilitetar du har lett tilgjeneleg like i nærleiken.   


Arbeidsoppgåver

  • Hjelpe intensivsjukepleiarane i arbeidet med pasientane.
  • Gje omsorg for pasient og pårørande 
  • Medansvar for varelogistikk og orden i avdelinga
  • Vere med på treningar i team

Kvalifikasjonar

  • For stillinga krevst det dokumentert autorisasjon som helsefagarbeidar/hjelpepleiar
  • Erfaring frå spesialisthelsetenesta vert sterkt vektlagt
  • Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
  • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
  • Må bruke datasystema som ligg til rolla slik at faglege og juridiske krav vert varetekne

Personlege eigenskapar

  • Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
  • Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt
  • Du må trivast i eit aktivt miljø med stadig nye utfordringar
  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Du må være ein del av eit oppmuntrande og inkluderande arbeidsmiljø
  • Du er punktleg og påliteleg

Vi tilbyr

  • Løn etter tariff 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • God opplæring
  • Aktivt og inkluderande arbeidsmiljø 

.Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. 

Kontaktinformasjon

Wenche Hårklau, Seksjonsleiar, +47 57839080

Arbeidsstad

Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde

Referansenr.: 4877315598
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.01.2025
Søknadsfrist: 17.11.2024

AAM FSS intensiv, Helse Førde

BedriftAAM FSS intensiv, Helse Førde
Om bedriften

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Søk etter flere lignende stillinger