Unni Elisabeth Øygarden

Helsefagarbeidar/barne- og ungdomsarbeidar

Område

Kviteseid

Publisert

7.5.2026

Søk senest

25.5.2026

Om stillingen

Ved tilrettelagde tenester i Kviteseid kommune arbeider det vernepleiarar, sjukepleiarar, helsefagarbeiderar/hjelpepleiarar og assistentar som gir helse- og omsorgstenester til menneske med utviklingshemming. Vi har personell i heimen til den enkelte, i barnehagen, i skulen, på dagsenter og avlasting. Me arbeider med målretta miljøarbeid og personsentrert praksis.

Me søkjer no ein engasjert, trygg og sjølvstendig helsefagarbeidar eller barne- og ungdomsarbeidar i 100 % fast stilling.

Stillinga er i turnus (35,5 time/veke) med arbeid kvar 3. helg og er ledig frå 17.08.26. Det kan opnast for at ein kan starte før dersom søkjaren ynskjer det.



Arbeidsoppgåver

  • Praktisk bistand, opplæring og rettleiing til bebuarar i samsvar med vedtak, lovverk og tiltak
  • Skape ein føreseieleg og trygg kvardag for bebuarane
  • Rettleiing, undervisning og informasjon til lærlingar, studentar og pårørande
  • Dokumentere i fagsystem
  • Primær-/sekundæransvar for ein eller fleire bebuarar
  • Tverrfagleg samarbeid

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som helsefagarbeidar eller barne- og ungdomsarbeidar/norsk autorisasjon som hjelpepleiar
  • Ynskje om relevant vidareutdanning retta mot menneske med utviklingshemming
  • Ynskje om erfaring frå arbeid med menneske med utviklingshemming
  • Førarkort kl. B
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • Har gode kommunikasjons og samarbeidsevner
  • Har evne til å ta ansvar, vere sjølvstendig og trygg i tenesterolla
  • Er fleksibel, strukturert og løysingsorientert
  • Vil halde deg fagleg oppdatert
  • Er kreativ og glad i aktivitet

 

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.
Kommunen legg vekt på psykososialt arbeidsmiljø, samarbeidsevner og mellommenneskelege arbeidstilhøve.

Vi tilbyr

  • Godt og inkluderande arbeidsliv
  • Spanande og omfattande faglege utfordringar
  • Løn etter gjeldande avtale


Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månadar.
Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju.

Kontaktinformasjon

Unni Elisabeth Øygarden, Einingsleiar Tilrettelagde tenester, 90251683

Arbeidsstad

Kviteseidgata 13
3850 Kviteseid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kviteseid kommune

Referansenr.: 5125105284
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.05.2026

Tilbake til toppen

Unni Elisabeth Øygarden

Bedrift

Unni Elisabeth Øygarden

Søk etter flere lignende stillinger

KviteseidHelse og sosial

Lignende stillinger

Kundeservicemedarbeider deltid, KONE Oslo

Kone Norway

Oslo17.6. - inntil videre
Du finner oss også på sosiale medier:

Jobbsafari er Norges nye arbeidslivsmedium og jobbsøkerside. Jobbsafari tilbyr tips og nyheter om arbeidsliv, jobbsøking og rekruttering. Hos oss finner du flest ledige stillinger med ett enkelt søk! Jobbsafari er en del av Jobbland, et ledende nordisk rekrutteringsmarkedsføringsselskap og en jobbmarkedsplass med millioner av brukere i Finland, Sverige og Norge.

  • Bla gjennom jobber
  • Jobber i ulike områder
  • Jobber i ulike yrkeskategorier
  • Jobber i ulike yrker
  • Jobber i ulike bedrifter
© 2026 Jobbland AS