Bjørg Kåsa Verpe

Helsefagarbeidar/Assistent - helgestillingar

Område

Vinje

Publisert

11.9.2026

Søk senest

30.9.2026

Om stillingen

På Rauland har me ledige helgestillingar kvar tredje helg, både vikariat og faste frå dags dato.

I heimetenesta på Rauland får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag, der du møter menneske i ulike livssituasjonar og byggjer relasjonar. Hos oss er ingen dagar heilt like, og du får vere med på å gjere ein forskjell for brukarane kvar dag. Heimetenesta på Rauland gir heilskaplege helse- og omsorgstenester til både heimebuande i eigne bustader og omsorgsbustader, samt bebuarar ved omsorgssenteret, som har opptil 15 plassar. Dette gir stor fagleg variasjon og spennande utfordringar i kvardagen.

Me arbeider tett saman i eit inkluderande og fagleg sterkt miljø, der kvalitet, tryggleik og respekt for den enkelte står i sentrum. Du får ansvar og tillit, men står aldri åleine. Er du nyutdanna, får du god opplæring, tett oppfølging og rom til å vekse inn i rolla. Er du erfaren, får du moglegheit til å bruke kompetansen din aktivt, påverke utviklinga av tenesta og bidra til fagleg utvikling i organisasjonen.

Stillinga inngår i årsturnus.

Me har også behov for deg som kan ta vakter på anretnings-kjøkkenet vårt. Kanskje har du nyleg gått av med pensjon, og ynskjer å ta nokre vakter innimellom når me har behov?

Drøymer du om ein arbeidskvardag med kort veg til ski, toppturar, sykling, padling og store naturopplevingar? På Rauland får du både faglege utfordringar og høg livskvalitet utanfor arbeidstid. 


Arbeidsoppgåver

  • Fagleg oppfylging, pleie og behandling av brukarar i heimetenesta.
  • Gjennomføre kliniske vurderingar og ta faglege avgjerder i kvardagen.
  • Medikamenthandtering og dokumentasjon i gjeldande fagsystem.
  • Samarbeid med pårørande, fastlege, spesialisthelseteneste og andre samarbeidspartnarar.
  • Bidra til fagleg utvikling, kvalitet og forbetringsarbeid i tenesta.
  • Vera ein aktiv medspelar i det tverrfaglege arbeidsmiljøet.
  • Rettleie og dele kunnskap med kollegaer, lærlingar, elevar og studentar ved behov.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som Helsefagarbeidar
  • Sjukepleiestudentar, elevar på vidaregåande/studentar og andre med relevant erfaring kan og bli vurdert
  • Erfaring frå pleie- og omsorgtenesta er ein fordel
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Aktuelle kandidatar må ha norsk personnummer
  • Førarkort klasse B

Godkjend politiattest må leggjast fram før tilsetjing.

Personlege eigenskapar

  • Du ynskjer å gjere ein positiv forskjell i kvardagen til andre.
  • Du er faglig nysgjerrig og ynskjer å utvikle deg vidare.
  • Du er trygg, tydeleg og engasjert, med fokus på pasienten.
  • Du samarbeider godt med andre og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø.
  • Du arbeider strukturert, sjølvstendig og løysingsorientert.
  • Du trivst med ansvar og tek initiativ.
  • Du møter brukarar, pårørande og kollegaer med respekt, omsorg og profesjonalitet.
  • Du har god omstillingsevne og ønskjer å bidra aktivt til vidare utvikling av heimetenesta

Me legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing.

Vi tilbyr

  • God forsikrings- og pensjonsordning
  • Varierte arbeidsoppgåver med stor fagleg breidde
  • God opplæring og tett fagleg oppfølging
  • Eit inkluderande, støttande og fagleg sterkt arbeidsmiljø
  • Moglegheit til å påverke utviklinga av tenesta og eigen arbeidsplass
  • Gode lønnsvilkår med lokal stige
  • God forsikrings- og pensjonsordning

Vinje kommune nyttar nynorsk som offisielt skriftspråk.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. 

For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting.

Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Bur du i Vinje kommune kan du søkje om å få sletta studielånet, les meir på lanekassen.no.

Kontaktinformasjon

Bjørg Kåsa Verpe, Avdelingsleiar heimetenesta Rauland, +47 90103553

Arbeidsstad

Setali 6
3864 Rauland

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vinje kommune

Referansenr.: 5176321069
Stillingsprosent: 13%
Fast
Søknadsfrist: 30.09.2026

Tilbake til toppen

Bjørg Kåsa Verpe

Bedrift

Bjørg Kåsa Verpe

Søk etter flere lignende stillinger

VinjeHelse og sosial

Lignende stillinger

Servicetekniker til vindindustrien – bli med på det grønne skiftet!

Nordex Finland

Fjaler・5.10. - 2.11.
Du finner oss også på sosiale medier:

Jobbsafari er Norges nye arbeidslivsmedium og jobbsøkerside. Jobbsafari tilbyr tips og nyheter om arbeidsliv, jobbsøking og rekruttering. Hos oss finner du flest ledige stillinger med ett enkelt søk! Jobbsafari er en del av Jobbland, et ledende nordisk rekrutteringsmarkedsføringsselskap og en jobbmarkedsplass med millioner av brukere i Finland, Sverige og Norge.

  • Bla gjennom jobber
  • Jobber i ulike områder
  • Jobber i ulike yrkeskategorier
  • Jobber i ulike yrker
  • Jobber i ulike bedrifter
© 2026 Jobbland AS