Helsefagarbeidar til 100% fast stilling
Om stillingen
Helse Bergentreng dyktige og engasjerte helsefagarbeidarar
Haukeland universitetssjukehus er eit av landets største og mest avanserte sjukehus. Vi jobbar for å fremme helse og livskvalitet. Når du blir tilsett i Helse Bergen, er det viktig for både oss og deg at du får ein trygg og god start. Vi tilbyr deg ein arbeidsplass med høg fagleg standard og moglegheiter for å vidareutvikle kompetansen din.
Vi har ledig stilling ved desse avdelingane:
- Avdeling spesialisert psykose, Seksjon S3 har ledig 100% fast stilling som helsefagarbeidar, 2-delt turnus og 3. kvar helg. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke
- ReHabiliteringsklinikken, Avdeling for Fysikalsk medisin og ReHabilitering (AFMR), Post 1
- Medisinsk klinikk, Seksjon for infeksjonssjukdommar - Medisinsk Overvakingseining (MOE) – post 6
Oppgi øverst i søknaden kva stilling(ar) du søker i prioritert rekkefølge. Kandidatar kan bli innkalt til intervju undervegs i prosessen.
Det er krav om Norsk autorisasjon ved oppstart i stillinga.
For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke.
Arbeidsoppgåver
Avdeling spesialisert psykose, Seksjon S3 er ein akutt, lukka poster med 9 sengeplassar og er skjerma eining for menneske med psykoselidingar. Seksjon S3 er lokalisert ved Sandviken sjukehus. Opgåvene er m.a. å diagnostisere, ivareta og behandle menneske i akutt fase av sitt psykoseforløp. Parallelt samarbeider vi med instansar utanfor sjukehuset for å trygge utskriving til eigen bustad eller overføring til anna eigna behandlingstilbod. Vi er ei avdeling med eit godt arbeidsmiljø som treng ein tilsett som både har lyst på ei utfordring innan akuttpsykiatri og som kan bidra til å oppretthalde det gode arbeidsmiljøet. Avdelinga er ein spennande og utfordrande arbeidsplass med gode personlege og faglege utviklingsmoglegheiter.
Kontakt: Sigurd Jakobsen, Tlf. 55958722.
Avdeling for Fysikalsk medisin og ReHabilitering (AFMR), Post 1 har i kombinasjon med Bemanningssenteret ledig 100% fast stilling som Helsefagarbeidar. Pt er 50% av stillinga ved AFMR post 1 og 50% av stillinga ved Bemanningssenteret i føretaket. Stillinga ved AFMR Post 1 inneber 2-delt turnus og kvar 3. helg.
Avdeling for Fysikalsk medisin og ReHabilitering (AFMR) er ein del av ReHabiliteringsklinikken i Helse Bergen, og held til på Nordås, i nærheten til Lagunen Storsenter.
ReHabiliteringsklinikken greier ut og behandlar menneske med medfødde og erverva skadar og sjukdom. På Nordås er det 33 døgnplassar, og dei fleste pasientane blir overført til oss tidleg etter skade eller sjukdom, som ein del av akuttforløpet i Helse Bergen. Som helsefagarbeidar her får du arbeide helhetlig både med komplekse medisinske problemstillingar, og spesialisert rehabilitering i ein tidleg fase. Kvardagen ved sengeposten er variert og innhaldsrik og ein arbeider tett med andre faggrupper.
Vi ønsker oss medarbeidarar som trivast med å arbeide tverrfagleg, har gode samarbeidsevne og kan arbeide målretta og strukturert. Du må i tillegg ha god fagleg vurderingsevne, vere løysingsorientert og meistre høgt tempo. Vi tilbyr eit miljø der vi ser og oppmuntrar kvarandre. Sengeposten har eit triveleg, engasjert og aktivt miljø. Hos oss får du introduksjon og oppfølging av erfaren kollega og ein trinnvis oppbygging av kompetanse.
Kontakt: Lisbeth Sparre, Tlf: 55918425.
Seksjon for infeksjonssjukdommar - Medisinsk Overvakingseining (MOE), post 6 er ein av to infeksjonspostar på sjukehuset og er akuttpost der vi behandlar mellom anna inntil 10 pasientar med alvorlege medisinske tilstandar som blodforgifting, hjernehinnebetennelse, respirasjons- og sirkulasjonsforstyrringar. Vi behandlar også ulike infeksjonar som diaré, sår, tropesjukdommar, immunsvikt, influensa og infeksjon på hjarteklaffar. Sengene våre er fordelt på fire einerom, eit tomannsrom og fire sengar på ei overvakingsstove. Vi har og to luftsmitteisolat. Pasientromma våre har slusesystem, som gjer at dei fleste romma kan bli brukt som isolat.
Kontakt: Hilde M. Dale, Tlf. 90500928.
Kvalifikasjonar (overskrift)
Arbeidsoppgåver
- Omsorg og oppfølging av pasientar
- Samarbeid med sjukepleiar/legar og anna helsepersonell for å sikre heilhetleg behandling
- Rettleiing og støtte til pasientar, pårørande og lærlingar
- Bidra til eit positivt arbeidsmiljø og fagleg utvikling i teamet
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
- Erfaring frå sjukehus er ein fordel, men ikkje eit krav
- Gode kommunikasjonsevner og evne til å arbeide i team
- Engasjement for pasientbehandling og kontinuerleg læring
- Meistre norsk skriftleg og munnleg på B2 nivå eller tilsvarande
Personlege eigenskaper
- Vi søker etter ein engasjert medarbeidar som har evne til å arbeide systematisk og målretta
- Personleg eigna for å jobbe med pasientgruppa er ein føresetnad
- Du må vere fleksibel og ha gode samarbeidsevner, men må også kunne jobbe sjølvstendig
- Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar, empatisk og omsorgsfull, med evne til å sette pasientane i fokus
Vi tilbyr:
- Spennande arbeidsoppgåver med moglegheit for vidareutdanning
- Ein arbeidsplass med høg fagleg standard, eit tverrfagleg arbeidsmiljø med fokus på fagleg og personleg utvikling
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Du vil inngå i drifta ved avdelinga
- Du vil delta i eit tverrfagleg samarbeid om å gi pasientar og pårørande eit best mogleg opphald på avdelinga
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Sjå kontaktperson, oppgitt for dei enkelte stillinganeArbeidsstad
Sandviksleitet 15036 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5053324636
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.01.2026
