Jobbsafari

 Helsefagarbeidar, natt ved Meland sjukeheim

OmrådeFrekhaug
Publisert6.2.2024
Søk senest26.2.2024

Om stillingen

Om stillingane

Ønskjer du å jobbe i ei sjukeheimsavdeling? Vi søkjer etter deg som liker å jobbe med menneske og vil bidra til at sjuke og eldre får ein så god kvardag som mogleg. Vi har no ledig to faste stillingar som helsefagarbeidar ved Solkroken, Meland sjukeheim. Stillingane vil ha ein stillingprosent på 80 %, og arbeid i snitt kvar 3. helg. Om ønskjeleg kan det avtalast annan stillingsprosent før tilsetting.


Om Solkroken

Meland sjukeheim ligg sentralt til på Frekhaug, og er lett tilgjengelig med buss og bil. Solkroken er ei av tre avdelingar på Meland sjukeheim, og er ei korttids- og rehabiliteringsavdeling med 10 plassar. Pasientane som er hos oss har ulike omsorgsbehov, med alt frå rehabilitering til avlastningsopphald. Dei som arbeider på Solkroken har god fagkompetanse og vi har tilsette med vidareutdanning innan ulike felt. Vi samarbeider på tvers av ulike yrkesgrupper og det er faste sjukeheimslegar ved institusjonen. På Meland sjukeheim har vi eige kjøkken som leverer mat til avdelingane.


Arbeidsoppgåver

Som helsefagarbeidar på natt er du ein viktig del av tilbodet som vert gitt i avdelinga du arbeider på. Du arbeider sjølvstendig og i samarbeid med andre for å gi heilskapleg omsorg og behandling til pasientane våre. Du vil være med og gi individuell oppfølging av pasientar, slik at dei kan få utnytta sine eigne ressursar. Samarbeid på tvers av avdelingar og faggrupper er avgjerende for at bebuarane skal få best mogleg behandling og pleie.


Kompetansekrav?

Det er eit krav for tilsetting at du er autorisert helsefagarbeidar.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt før tilsetting: Vi ønskjer kandidatar som har vilje og evne til samarbeid, og som kan arbeide sjølvstendig og ansvarsfullt. Vi forventer at du er med og bidreg til eit godt arbeidsmiljø gjennom fagleg fokus, at du er løysingsfokusert og fleksibel.


Vi tilbyr

  • Løn etter gjeldande tariffavtale
  • God pensjonsordning
  • Opplæring i aktuelle arbeidsoppgåver
  • Verdfull arbeidserfaring som vil nyttig i vidare karriere

Alver Kommune

Søk etter flere lignende stillinger