Gulen Kommune

Helsefagarbeidar (natt) med bonusordning

Område

Gulen

Publisert

13.12.2024

Søk senest

12.12.2025

Om stillingen

Me tilbyr 

  • Bonusordning på 50 000kr (i 100% stilling) ved binding i 2 år i stillinga
  • Løn over tariff for helsefagarbeidar i turnus
  • Ekstra helgekompensasjon 
  • Godt arbeidsmiljø
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Om stillinga

Gulen kommune har ledig fast helsefagarbeidarstilling på natt ved Sone Brekke, Byrknes og Dalsøyra (Sone BBD) frå snarast/etter avtale. Turnusen er for tida knytt til avdeling Brekke. Stillinga er i utgangspunktet 100%, men dersom ein ynskjer ein lågare prosent, skriv du dette i søknaden, så vil det verte vurdert. Det er knytt bonusordning på 50 000kr (i 100% stilling) i denne stillinga ved bindingstid i 2 år. Ratevis utbetaling. Ta kontakt med einingsleiar (kontaktperson i annonsen) om du har spørsmål til stillinga, og lurer på om du skal søke! 

Det vert arbeida med å sjå på arbeidstidsordningar i sona og for denne stillinga, men pr. dags dato har denne stilinga arbeid annankvar helg, i tillegg til vakter i vekene. 

I sone BBD arbeider det både nyutdanna og tilsette med lang erfaring. Det er eit tett og godt samarbeid mellom assistentar, fagarbeidarar og sjukepleiarar/vernepleiarar kvar dag. Samarbeidet er viktig for at tenestene våre skal verte best mogleg for innbyggjarane i Gulen kommune, og noko me har fokus på kontinuerleg. Eininga har fokus på fagleg utvikling og kompetanseheving blant helsefagarbeidarane.


Arbeidsoppgåver 

  • Tilsyn med brukarar i heimetenesta på natt 
  • Hjelp og tilrettelegging til brukarar med ulike funksjonsnivå, til dømes; stell, pleie, medikamenthandtering, ernæringsoppfølging osb.
  • Følgje opp dei daglege rutinene i avdelingane 
  • Dokumentere og rapportere i journalsystem 
  • Andre oppgåver som måtte kome til

Kvalifikasjonskrav 

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar. Søkjarar utan fagbrev kan verte vurdert for mellombels tilsetjing.
  • Førarkort klasse B
  • God skrifleg og munnleg framstillingsevne (norsk)

Personlege eigenskapar 

  • Kommuniserer godt på norsk, og har erfaring frå og god kjennskap til norsk helsevesen
  • Trivast med å jobbe på natt
  • Samhandlar godt med brukarar og andre samarbeidspartnarar
  • Jobbar sjølvstendig, tar initiativ, er fleksibel og løysingsorientert
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna 

  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar. Vi har frå juli 2023 innført ekstra helgetillegg på 50 kr/time, i tillegg til tariff. Dette skal evaluerast i samband med revisjon av lønspolitisk plan. 
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.

Tilbake til toppen

Gulen Kommune

Bedrift

Gulen Kommune

Vis flere jobber for denne bedriften

Søk etter flere lignende stillinger

GulenHelse og sosial

Lignende stillinger

Bartender - Clarion Hotel Oslo

Strawberry AS

Oslo20.4. - 18.5.
Jobbsafari
Du finner oss også på sosiale medier:

Jobbsafari er Norges nye arbeidslivsmedium og jobbsøkerside. Jobbsafari tilbyr tips og nyheter om arbeidsliv, jobbsøking og rekruttering. Hos oss finner du flest ledige stillinger med ett enkelt søk! Jobbsafari er en del av Jobbland, et ledende nordisk rekrutteringsmarkedsføringsselskap og en jobbmarkedsplass med millioner av brukere i Finland, Sverige og Norge.

  • Bla gjennom jobber
  • Jobber i ulike områder
  • Jobber i ulike yrkeskategorier
  • Jobber i ulike yrker
  • Jobber i ulike bedrifter
© 2026 Jobbland AS