Helsefagarbeidar natt – ei nøkkelrolle i miljøterapien

OmrådeKarmøy
Publisert13.1.2026
Søk senest3.2.2026

Om stillingen

Vil du jobbe på døgnpost i Helse Fonna – og vere ein viktig del av miljøterapien gjennom natta?

På allmennpsykiatrisk post Karmøy ved Haugaland DPS har vi no ledig  2 faste stillingar (hovudsakleg natt). Posten er i ei utvikling frå brukerstyrte senger til allmennpsykiatrisk døgnpost – og vi treng deg som likar å skape ro, tryggleik og struktur når det er minst folk på jobb, men mykje som kan skje.

Hos oss møter du vaksne pasientar i planlagde forløp – mellom anna med affektive lidingar, angst, spiseforstyrringar og traumer. Me har 8 sengeplassar, og du jobbar alltid natt saman med sjukepleiar.

Vil du ta ein prat før du søkjer? Ta gjerne kontakt med funksjonsleiaren vår Eivind Andresen.

👉 Vi gler oss til å høyre frå deg.


Kva går jobben ut på?

Som helsefagarbeidar hos oss vil du mellom anna:

  • Vere ein aktiv del av miljøterapien og bidra til tryggleik, struktur og god døgnrytme.
  • Samarbeide tett med sjukepleiar på natt og resten av det tverrfaglege laget på dag/kveld.
  • Delta i tverrfagleg samarbeid og ha kontakt med aktuelle eksterne instansar ved behov.
  • Samarbeide tett med sjukepleiar på natt og resten av det tverrfaglege laget på dag/kveld.
  • Bidra i ei avdeling i utvikling – der vi koplar pasientar på intensive behandlingsløp på tvers av poliklinikk og døgn (mellom anna planlagt intensiv behandling for PTSD og etablert 4-dagars team for sosial angst).

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad 
  • Grunnleggande IKT-kunnskaper

Relevant videreutdanning er ønskelig. Relevant erfaring kan kompensere for manglende videreutdanning.

Kva ser vi etter hos deg?

Vi ser etter deg som:

  • bidreg til eit godt arbeidsmiljø gjennom samarbeid og ei positiv, løysingsretta innstilling
  • held roen og jobbar stødig når arbeidsflyten til tider blir travel
  • kommuniserer godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • møter pasientane med omsorg, forståing og respekt – og set gode grenser når det trengst

Personlige egenskaper vil bli vektlagt.

Kvifor skal du velje oss?

Hos oss får du:

  •  Eit tverrfagleg miljø med helsefagarbeidarar, sjukepleiarar, psykiatriske sjukepleiarar, vernepleiarar – i tillegg til psykologspesialist og overlege.
  •  Ei tydeleg rolle i miljøterapien – og moglegheit til å vere med og forme ein post i utvikling.
  •  Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP.

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Eivind Andresen, Funksjonsleiar psykologspesialist, +47 96014560, [email protected]

Arbeidsstad

Asaldalvegen 1
4250 Kopervik

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5063574155
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.02.2026

Eivind Andresen

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

Cabin Crew

Emirates

Dubai30.1. - 28.2.
Anbefalt

MC/Field engineer (MECH)

Ikm Gruppen AS

Bergen7.2. - 26.2.
Ny