Helse Fonna Hf

Helsefagarbeidar - med fjord og fjell rett utanfor døra

Område

Odda

Publisert

2.9.2026

Søk senest

29.9.2026

Om stillingen

Om stillinga

Velkommen til Odda - natur og kultur hand i hand!
Odda ligg omgitt av spektakulær natur, ein kulturby med aktivitetar året rundt. Bytt kø med Trolltunga og fjordar - eller ta ein tur på ski: Røldal Skisenter, berre 30 minutt unna, er blant dei mest snøsikre skianleggene i Norge. Skisenteret er rekna som eitt av dei beste områda i Noreg for off-piste og frikøyring, med heile anlegget liggande over tregrensa.

Kulturlivet i Odda byr på noko for alle, med festivalar som Sus og dus, litteraturfestival, Hardanger musikkfestival, internasjonal siderfestival og ei blueshelg. Her får du ein kvardag der jobb og fritid balanserer perfekt.
Om avdelinga vår
Her jobbar dyktige sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, legar, sekretærar og fysioterapeutar som saman skapar eit sterkt fagmiljø. Vi gir deg ei brei og verdifull erfaring.
Vi legg til rette for at du får bruke kompetansen din, sertifisere deg, og samtidig utvikle deg vidare i samarbeid med sjukepleiarar og resten av teamet. Vi deler på oppgåvene. Du får vere med på oppgåver som til dømes å justere oksygenbehandling og følgje opp pasientar med veneflon (PVK).

Nysgjerrig på korleis det er å jobbe og bu i Odda?
Vi fortel gjerne meir om teamet vårt, fagmiljøet og moglegheitene som ventar. Ta kontakt med Andreas eller Kristin for ein uforpliktande samtale.

Andreas - 53651146

Kristin - 53651013

💡Kva går jobben ut på?

Dine oppgåver inkluderer:
  • Observere og rapportere helseutfordringar, eller omsorgsbehov.
  • Gi pasienten god omsorg, pleie, informasjon og opplæring.
  • Følgje opp lærlingar.
  • Delta på kurs og fagsamlinger.

🎓 Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar.
  • Minimum 1-års erfaring som helsefagarbeidar.
  • Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkjarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden.

👥 Kva ser vi etter hos deg

Vi søkjer deg som:
  • er oppteken av god pasientbehandling
  • tek ansvar og er sjølvstendig
  • trivst med å jobbe på tvers av fag og yrkesgrupper
  • bidreg positivt til arbeidsmiljøet

Personlege eigenskapar vert vektlagd

🏆 Kvifor skal du velje oss?

Desse fordelane får du ved å jobbe hos oss:
  • eit utfordrande og varierte arbeidsoppgåver i eit spanande fagmiljø
  • eit godt innarbeida opplæringsprogram og plan for kompetanseutvikling
  • oppgåvedeling med sjukepleiarar - og moglegheit for sertifisering i prosedyrar
  • hjelp med bustad, oppgi i søknaden dersom det er ønskeleg
  • eit trivelig arbeidsmiljø
  • Vi kartlegger mulighet for 12-timersskift på avdelingen
  • Busetter du deg i Odda kan du søkje om å få sletta inntil 25 000 kroner av utdanningsgjelda per år.


Adresse: Sjukehusvegen 10, 5750 ODDA, Norge

Opne vegbeskriving (i ny fane)

Kontaktinformasjon

Andreas Jacobsen

Funksjonsleiar

Telefon: +47 40518183

Om arbeidsgivaren

I Helse Fonna er vi meir enn 3000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre. Helse Fonna dekker 19 kommunar med rundt 180 000 innbyggjarar og har sjukehus i Odda, Stord, Haugesund og Valen, fire DPS og ti ambulansestasjonar. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no . Følg oss også gjerne på facebook.com/helsefonna .

Odda er ein kulturby med naturskjøne omgivnader. Det er moglegheiter for mange ulike aktivitetar året rundt: Turar i fjellet, toppturar, Trolltunga og klatring i Via Ferrata, og sommarskisenter i Jondal. Kulturlivet er rikt og variert, som til dømes Litteratursymposiet, Hardanger musikkfestival, NM i morellspytting og blueshelg.
Tilbake til toppen

Helse Fonna Hf

Bedrift

Helse Fonna Hf

Vis flere jobber for denne bedriften

Søk etter flere lignende stillinger

Odda

Lignende stillinger

Cabin Crew

Emirates

Dubai16.7. - 30.9.
Du finner oss også på sosiale medier:

Jobbsafari er Norges nye arbeidslivsmedium og jobbsøkerside. Jobbsafari tilbyr tips og nyheter om arbeidsliv, jobbsøking og rekruttering. Hos oss finner du flest ledige stillinger med ett enkelt søk! Jobbsafari er en del av Jobbland, et ledende nordisk rekrutteringsmarkedsføringsselskap og en jobbmarkedsplass med millioner av brukere i Finland, Sverige og Norge.

  • Bla gjennom jobber
  • Jobber i ulike områder
  • Jobber i ulike yrkeskategorier
  • Jobber i ulike yrker
  • Jobber i ulike bedrifter
© 2026 Jobbland AS