Therese Nordheim Nesseth

Helsefagarbeidar i uteteam Psykisk helse og rustenesta og Løkevegen bufellesskap

OmrådeGiske
Publisert26.11.2025
Søk senest10.12.2025

Om stillingen

Spennande stilling som helsefagarbeidar i uteteam psykisk helse og rustenesta og Løkevegen bufellesskap

Eining Meistring og psykisk helse i Giske Kommune har ledig fast 100% stilling som helsefagarbeider frå 26.01.2026. Stillinga er delt mellom uteteamet til psykisk helse- og rustenesta og Løkevegen bufellesskap for personar med psykiske lidingar, og inngår i todelt turnus med langvakter kvar fjerde helg. Dagvaktene vil i hovudsak (72%) vere knytt opp mot uteteamet, og kvelds- og helgevaktene er knytt til Løkevegen bufellesskap. 

I tillegg til å arbeide sjølvstendig vil du også arbeide tett saman med ein psykiatrisk sjukepleiar i uteteamet og vere ein del av faggruppa psykisk helse- og rustenester som er eit tverrfagleg team med 5 andre tilsette. Vi tilbyr alt frå samtalar på kontoret til oppfølging i heimen. Du vil også samarbeide med andre kommunale tenester som t.d. NAV og Psykisk helseteam for barn og unge. Giske Kommune har dei siste åra hatt fokus på utvikle tenestene til brukargruppa, og uteteamet har nylig blitt ein del av den kommunale drifta.

I tillegg til formell kompetanse vil personlege eigenskapar og at ein er eigna for stillinga bli vektlagt ved tilsetjing.

Det er krav om gyldig politiattest av ny dato.

Dokumentasjon på utdanning skal sendast som vedlegg til søknaden.


Arbeidsoppgåver

  •  Delta i system- og kompetanseutvikling
  • Kartlegging og vurdering
  • Gjennomføre individuelle-, gruppe- og familiebaserte behandlingstilbod innan ordinær teneste
  • Bruke metodar for rettleiing til sjølvhjelp ved depresjon og angst
  • Delta i gjennomføring av kurs retta mot brukarar og pårørande

Arbeidsoppgåver kan bli endra ved behov.

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar eller hjelpepleiar
  • Vidareutdanning innan psykisk helsearbeid eller andre relevante vidareutdanningar er ønskjeleg, men søkjarar utan vil også blir vurderte. Relevant erfaring kan kompensere for manglande vidareutdanning.
  • Arbeidserfaring innan psykisk helsevern eller psykisk helsearbeid vil bli vektlagt
  • God digital kompetanse
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg, og god framstillingsevne
  • Førarkort for bil.

Personlege eigenskapar

  • Har evne til å skape gode, trygge relasjonar.
  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevne.
  • Kan arbeide både sjølvstendig og i team.
  • Er strukturert og målretta.
  • Er fleksibel, løysingsorientert og med evne til å ta initiativ.

Vi tilbyr

  • Varierande og givande arbeidsoppgåver.
  • Tverrfagleg samarbeid.
  • Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.

Kontaktinformasjon

Kristine Finnøy, nestleiar, 90935279
Therese Nordheim Nesseth, einingsleiar, +47 47316717

Arbeidsstad

Løkevegen 53
6050 Valderøya

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Giske kommune

Referansenr.: 5046666956
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.12.2025

Therese Nordheim Nesseth

BedriftTherese Nordheim Nesseth

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

Cabin Crew

Emirates

Dubai30.12. - 31.1.
Anbefalt

Subsea Inventor Designer

Ikm Gruppen AS

Stavanger23.1. - 6.2.
Ny