Helsefagarbeidar i årsturnus, dag/kveld/langvakt
Om stillingen
I Fyresdal skal bebuarane oppleve eit godt og framtidsretta pleie- og omsorgstilbod, som er i tråd med ĢLeve hele livetģ-reforma og kva som er pålagt i helse- og omsorgslovgivinga. Vi er også med på nasjonale satsingar som "Gode pasientforløp" og "Kva er viktig for deg", vi innfører Kjernejournal og nyttar velferdsteknologi, vi er med i Tørn-prosjekt og deltek i interkommunalt simuleringsprosjekt. Vi har eige godt utstyrt øvingsrom med moglegheitar for fagutvikling og simulering, vi har eigne fasilatatorer og instruktørar.
Målet er å syte for at alle innbyggarar som har behov for helse- og/eller omsorgstenester skal få naudsynt og kvalifisert helsehjelp som pleie, omsorg og praktisk bistand. Vi ynskjer å gje våre bebuarar eit så godt og individuelt tilbod med personsentrert omsorg som mogleg. Vi satsar også på god ernæring og eit variert tilbod med fysisk aktivitet, sansestimulering og miljøbehandling.
Fyresdal pleie- og omsorgssenter har 20 plassar fordelt på to avdelingar, 8 plassar for menneske med demens og 12 somatiske plassar. 1 ØHD-plass. Demensavdelinga Nordstøg er mykje basert på miljøbehandling og miljøterapeutiske tilnærmingsmetodar. Somatisk avdeling Utsikten har varierande pasientgrupper med komplekse sjukdomsbilete, multimorbiditet, tekniske prosedyrar, rehabilitering og palliasjon.
Vi har legevakt i kommunen 24/7.
Vi ynskjer gode faglege diskusjonar, og alle tilsette er like viktige uavhengig av profesjon. Humor må også vere ein viktig del av arbeidskvardagen, og det å ta vare på kvarandre. Saman er vi gode! Vi ynskjer DEG med på det laget! Velkomen som søkar!
Arbeidsoppgåver
- Klinisk arbeid med pasientnær kontakt og grunnleggande pleie- og omsorgsoppgåver
- Observasjon og kartlegging av behov i samarbeid med medarbeidarar
- Samarbeid med andre i eit relativt ungt fagmiljø og ressurspersonar med pasienten i fokus
- Multidose- og generell legemiddelhandtering
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som helsefagarbeidar, hjelpepleiar, fagarbeidar med anna relevant helsefagleg utdanning (søkarar under relevant utdanning kan også bli vurderte)
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- Gode datakunnskapar
Personlege eigenskapar
- Er løysingsorientert og viser initiativ.
- Er nytenkande, engasjert i aktivitet og kan motivere.
- Er positiv og fleksibel, og kan jobbe både sjølvstendig og i samarbeid med andre.
- Har stor arbeidskapasitet, då kvardagen i pleie og omsorg kan vere hektisk.
- Er tolmodig og har gode kommunikasjons- og samhandlingsferdigheiter.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i stor grad.
Vi tilbyr
- Spennande faglege utfordringar, meiningsfulle arbeidsoppgåver og samarbeid i eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer.
- Årsturnus, med moglegheit for å påverke eigen turnus.
- Kommunale vilkår inkludert god pensjonsordning.
Kontaktinformasjon
Gry Synøve Åmlid, Avdelingsleiar POS, +47 90770830, [email protected]Arbeidssted
Prærien 233870 Fyresdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Fyresdal kommuneReferansenr.: 4867980889
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.11.2024
Pleie og omsorg, Fyresdal kommune
Søk etter flere lignende stillinger
Lignende stillinger
Cabin Crew
Servicemedarbeider
Svalbard Auto søker mekaniker
Svalbard - Svalbard Auto As Avd Salg - Publisert 12.12.2024Pedagogisk leder/barnehagelærer -med øye for barna
Oslo - Holgerslyst barnehage - Publisert 12.12.2024Vi søker norsklærere til barneskoletrinnet, 1.-4. klasse
Tromsø - Stiftelsen Tromsø International School - Publisert 12.12.2024Elsker du kundeservice og fornøyde gjester?
Bergen - Lucky Bowl Norge As Avd Bergen - Publisert 12.12.2024