Hilde Kathrin Tvedterås Gravdal

Helsefagarbeidar - 80% vikariat på Natt - Ølve

Område

Kvinnherad

Publisert

22.7.2026

Søk senest

23.8.2026

Om stillingen

Helsefagarbeider Nattevakt Ølve

Helsefagarbeider - 80% vikariat Nattevakt tom 30.08.2027

Heimetenesta på Ølve søkjer ny kollega på natt.

 

 

Trivst du med å arbeide om natta og ønskjer å bidra til tryggleik og gode tenester for pasientane våre? Nattevaktene i  Ølve i Kvinnherad kommune søkjer no ein ny kollega til teamet vårt.

På natt gir vi tenester til brukarar i omsorgsboligar og i heimen. Det gjer at vi har ein variert arbeidskvardag og utviklar brei fagleg kompetanse. Nattevaktene samarbeider tett og er kjende for å vere løysingsorienterte og gode på samarbeid.

Hos oss blir du ein del av eit inkluderande fagmiljø der vi støttar kvarandre og arbeider saman for å gi trygge og gode tenester gjennom natta.

 

Arbeidsoppgåver

  • Fagleg oppfølging av pasientar og brukarar
  • Bidra til tryggleik og kvalitet i tenestene gjennom natta
  • Samarbeid med kollegaer og andre faggrupper
  • Dokumentasjon og oppfølging av tiltak
  • Handtering av akutte og uforutsette situasjonar

 

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som  helsefagarbeidar

 

 

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • er fagleg trygg og kan arbeide sjølvstendig
  • har gode samarbeidsevner
  • er løysingsorientert
  • bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • møter pasientar og pårørande med respekt og omsorg

Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.

 

Vi tilbyr

  • 80 % vikariat stilling på natt tom 30.08.2027
  • arbeid 3. kvar helg
  • Opplæring og støtte frå erfarne kollegaer
  • Eit godt fagmiljø med fokus på samarbeid og utvikling
  • Gode arbeidstilhøve
  • Løn etter gjeldande avtaleverk

 

Gode ordningar i Kvinnherad kommune

  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP
  • Etter eitt år i jobb kan du få sletta 25 000 kroner av studielånet
  • Gratis SFO
  • Søskenmoderasjon i barnehage
  • Per i dag ingen eigedomsskatt på hus, hytter og næring

 

Praktisk informasjon

Tilsetjing snarast.

Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.

Gyldig politiattest må leggast fram der det er påkravd.

 

Vil du bli vår nye kollega?
Send oss ein søknad – vi gler oss til å høyre frå deg.


Link til søknadsskjema: Søk her
Tilbake til toppen

Hilde Kathrin Tvedterås Gravdal

Bedrift

Hilde Kathrin Tvedterås Gravdal

Søk etter flere lignende stillinger

KvinnheradBygg og anlegg

Lignende stillinger

Cabin Crew

Emirates

Dubai16.7. - 30.9.
Du finner oss også på sosiale medier:

Jobbsafari er Norges nye arbeidslivsmedium og jobbsøkerside. Jobbsafari tilbyr tips og nyheter om arbeidsliv, jobbsøking og rekruttering. Hos oss finner du flest ledige stillinger med ett enkelt søk! Jobbsafari er en del av Jobbland, et ledende nordisk rekrutteringsmarkedsføringsselskap og en jobbmarkedsplass med millioner av brukere i Finland, Sverige og Norge.

  • Bla gjennom jobber
  • Jobber i ulike områder
  • Jobber i ulike yrkeskategorier
  • Jobber i ulike yrker
  • Jobber i ulike bedrifter
© 2026 Jobbland AS