Anne Britt Kurseth

Helsefagarbeidar 60 % vikariat

Område

Sykkylven

Publisert

3.6.2026

Søk senest

21.6.2026

Om stillingen

Er du helsefagarbeidar eller sjukepleiar? Vi har no ledig:

  • 60 % vikariat som helsefagarbeidar

Vi søkjer etter ein engasjert og fagleg sterk medarbeidar som ønskjer å bidra til gode og trygge helsetenester for våre innbyggjarar.

Vi legg stor vekt på fagleg utvikling, samarbeid og kvalitet i tenestene. Som tilsett hos oss vil du bli ein del av eit inkluderande og positivt arbeidsmiljø med gode kollegaer, der samarbeid med pasientar og pårørande står sentralt. Vi ser etter deg som er strukturert, løysingsorientert og motivert for å halde deg fagleg oppdatert, og som ønskjer å bidra til utvikling av tenesta.

Heimetenestene held til i nye, moderne lokale saman med legetenestene og psykisk helse og rus, noko som legg til rette for tett samarbeid og fagleg utvikling.

Kom å bli med i gjengen vår!


Arbeidsoppgåver

  • Utøve direkte helsehjelp til brukarar med vedtak om heimetenester
  • Legemiddelhandtering
  • Observere, dokumentere, og registrere etter gjeldande lovverk
  • Handtere og følge opp digitalt tilsyn for brukarar med særskilt behov.
  • Samarbeide tett med brukarar og pårørende
  • Oppfølging av grunnleggande og avanserte sjukepleiefaglege prosedyrer, f.eks.: sårstell, medisinsk utstyr, stell av kateter og stomi, førstegangsvurderingar og heimebesøk hos nye brukarar, dialyse, infusjonsbehandling, PEG og sondemat m.m.
  • Delta aktivt i fagutvikling og bidra til kunnskapsspredning i teamet.

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar. Ufaglærte som ønsker å ta fagbrev som helsefagabeidar kan også søkje.
  • Beherske dei vanlegaste IKT-verktøya
  • Det stillast krav om norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR).
  • Evne til å halde seg fagleg oppdatert
  • Ved tilsetting kreves det tilfredsstillande politiattest, MRSA og TBC eigenerklæringer
  • Førarkort klasse B. Ved heilt spesielle høve må ein kunne nytte eigen bil i tenesta.

Personlege eigenskapar

  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Vere strukturert og løysingsorientert
  • Er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre
  • Vise fagleg engasjement
  • Motivert, serviceinnstilt og fleksibel
  • Har evne til å ta ansvar, samt nytenking og utvikling
  • Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
  • Personlege eigenskapar blir lagt vekt på ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver 
  • Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø  
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP

 

Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.

Kontaktinformasjon

Kanutte Roald, Einingsleiar Helsehus, 98876765, [email protected]
Anne Britt Kurseth, avdelingsleiar, 48123591, [email protected]

Arbeidsstad

Haugneset 16
6230 Sykkylven

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sykkylven kommune

Referansenr.: 5139745851
Stillingsprosent: 60%
Vikar
Søknadsfrist: 21.06.2026

Tilbake til toppen

Anne Britt Kurseth

Bedrift

Anne Britt Kurseth

Søk etter flere lignende stillinger

SykkylvenHelse og sosial

Lignende stillinger

Arbeidsleder for installasjon, KONE Oslo

Kone Norway

Oslo8.6. - inntil videre
Du finner oss også på sosiale medier:

Jobbsafari er Norges nye arbeidslivsmedium og jobbsøkerside. Jobbsafari tilbyr tips og nyheter om arbeidsliv, jobbsøking og rekruttering. Hos oss finner du flest ledige stillinger med ett enkelt søk! Jobbsafari er en del av Jobbland, et ledende nordisk rekrutteringsmarkedsføringsselskap og en jobbmarkedsplass med millioner av brukere i Finland, Sverige og Norge.

  • Bla gjennom jobber
  • Jobber i ulike områder
  • Jobber i ulike yrkeskategorier
  • Jobber i ulike yrker
  • Jobber i ulike bedrifter
© 2026 Jobbland AS