Helsefagarbeidar 60 % fast stilling
Om stillingen
Er du ute etter nye utfordringar? Vi har no ledig 60 % fast stilling i todelt turnus med arbeid kvar tredje helg i Heimebasert omsorg.
Vi er på jakt etter deg som kan bidra til at brukarane hos oss får god omsorg og kjensle av å vere trygg i kvardagen. Som helsefagarbeidar må du like å jobbe med menneske. Du må kunne jobbe med menneske som har ulik kulturell bakgrunn og ulik livssituasjon, og som har forskjellige evner og moglegheiter for kommunikasjon.
Du må kunne vise omsorg, venlegheit og respekt.
Heimebasert omsorg skal flytte inn i heilt nytt lokale i slutten av 2025. Her samlokaliserer vi legetenestene, heimetenestene og psykiatri under samme tak, noko som vil føre til sterkt tverrfagleg samarbeid og kompetanseheving - Så kom å bli med på laget vårt!
Ved interne omrokkeringar kan andre stillingar bli ledig. Den som vert tilsett må legge fram gyldig politiattest etter Helse- og omsorgstenestelova.
Arbeidsoppgåver
- Utøve direkte helsehjelp til brukarar med vedtak om heimetenester
- Observere, dokumentere, og registrere etter gjeldande lovverk
- Handtere og følge opp digitalt tilsyn for brukarar med særskilt behov.
- Håndtere og følge opp velferdsteknologi
- Primærkontaktansvar
- Samarbeide tett med brukarar og pårørende
- Delta aktivt i fagutvikling og bidra til kunnskapsspredning i teamet.
- Veiledning for lærlinger
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsefagarbeider (kandidatar som er under utdanning eller ønsker å utdanne deg innen helse kan også verte vurdert for stillinga)
- Førerkort klasse B, med mulegheit for å kunne bruke eigen bil tenesta
- Gode datakunnskaper og kjennskap til journalsystem er ein fordel
- Gode kommunikasjonsferdigheter, muntlig og skriftlig.
- Har motivasjon til å vere med på å bygge opp eit godt fagmiljø
- Har gode relasjonsbyggingsevner og leverer høg kvalitet i arbeidet.
Personlege eigenskapar
- Vere strukturert og løysingsorientert
- Er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre
- Vise fagleg engasjement
- Har evne til å ta ansvar, samt nytenking og utvikling
- Personlege eigenskapar blir lagt vekt på ved tilsetting
- Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- God opplæring, godt arbeidsmiljø, engasjerte kollegaer
- Sterkt faglig miljø
- Beste natur, fjell og lokale aktivitetar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
- Engasjerte og tilgjengelige leiarar som støtter deg
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Kontaktinformasjon
Anne Britt Kurseth, avdelingsleiar, 48123591, [email protected]Kanutte Roald, Einingsleiar Helsehus, 90720164, [email protected]
Arbeidsstad
Haugneset 166230 Sykkylven
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sykkylven kommuneReferansenr.: 5038244315
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.11.2025

