Helsefagarbeidar
Om stillingen
Er du klar for nye utfordringar og ein jobb som gir meining?
Vi søkjer ein engasjert helsefagarbeidar i 90% fast stilling til Myrvåg omsorgssenter, seksjon A. Hos oss møter du eit inkluderande arbeidsmiljø med faglege utfordringar.
Stillinga er for tida organisert med tredelt turnus og arbeid kvar tredje helg. Det kan bli mogleg med arbeid kvar fjerde helg og 12,5 timers vakter, om dette er ønskjeleg.
Myrvåg omsorgssenter består av to seksjonar:
seksjon A: somatisk sjukeheimsseksjon med langtids-, korttids- og KAD-plass (kommunal akutt døgneining)
seksjon B: seksjon for personar med demens med langtids- og korttidsopphald
Stillinga er ledig frå 1.april 2026
Arbeidsoppgåver
- pleie- og omsorgsoppgåver til bebuarar i sjukeheim (ernæring, personleg hygiene, mobiliering, og miljøarbeid)
- utarbeide og følgje opp tiltaksplanar
- dokumentasjon etter gjeldande lovverk i journalsystemet Gerica
- samarbeide tett med pasient, pårørande og ulike yrkesgrupper for å yte eit heilskapleg pasientforløp
- bidra til kompetanseutvikling og fagleg ajourhald for å kvalitetssikre tenesta
Kvalifikasjonar
- norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
- erfaring frå liknande arbeid er ein fordel
- gode datakunnskapar, erfaring med Gerica er ein fordel
- god munnleg og skriftleg kommunikasjon på norsk.
Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.
Det vert stilt krav om tilfredsstillande politiattest for alle som arbeider i den kommunale helse- og omsorgstenesta (jamfør helse- og omsorgstenestelova § 5-4).
Godkjent autorisasjon og politiattest må leggast fram før tilsetting.
Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.
Personlege eigenskapar
- tek ansvar for eigne oppgåver og sikrar at dei blir utført på ein god måte
- tilpassar seg ulike situasjonar og behov som kan oppstå i løpet av arbeidsdagen
- kommuniserer klart og tydeleg, både med brukarar, pårørande og kollegaer
- er til å stole på, møter opp til avtalt tid og utfører oppgåvene sine samvitsfullt
- kan handtere utfordrande situasjonar roleg og profesjonelt
- møte brukarar og kollegaer med eit smil og ein positiv haldning, sjølv i krevjande situasjonar
- vilje til å lære nye ting og utvikle seg i jobben
- bidreg til å skape trivsel på arbeidsplassen og godt samarbeid for å løyse oppgåver
- har fokus på heilskaplege pasientforløp
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring.
Vi tilbyr
- løn etter gjeldande tariffavtale
- gode forsikrings- og pensjonsordningar gjennom KLP
- stipendordningar ved vidareutdanningar som er i tråd med kompetanseplanen i helse og omsorg
- godt arbeidsmiljø med fokus på fagkompetanse og trivsel
- elektroniske kurs gjennom Norsk Helseinformatikk (NHI), Visma Veilederen og Glup
- fagdag i turnus
Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju.
Søkarlista kan verte offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Anna-Emilie Blomstervik, Seksjonsleiar, +47 98075478Arbeidsstad
Åsvegen 136080 Gurskøy
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Herøy kommuneReferansenr.: 5087491443
Stillingsprosent: 90%
Fast
Søknadsfrist: 23.03.2026