Om stillingen
Vi søkjer etter helsefagarbeidar for tida ved Ytre Haram heimeteneste, som er lokalisert i Brattvåg. Stillinga er 80% fast stilling i turnus, med for tida arbeid på dag/kveld og kvar 3. helg.
Kommunalområde helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.
Haram omsorgstenester består av Eidet- og Haram omsorgssenter, Ytre-, Indre- og Nordøyane heimetenstedistrikt og tre dagsenter for eldre. I tillegg har verksemda ansvar for nokre av kommunen sine BPA-ordningar. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø i avdelingane våre, fokusere på fag og gi gode tenester til tenestemottakarane.
Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.
Arbeidsoppgåver
- Ivareta oppgåver knytt til stillinga som helsefagarbeidar.
- Pleie og omsorg til brukarar.
- Rettleiing og opplæring av medarbeidarar og elevar/lærlingar/studentar.
- Ivareta dokumentasjonsplikta og ha fokus på fagutvikling.
- Bidra til å realisere kommunen og eininga sine visjonar, mål og planar.
- Bidra til eit godt samarbeid mellom brukar og pårørande.
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Kvalifikasjonar
- Offentleg godkjent helsefagarbeidar.
- Førarkort klasse B.
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg.
- Tilstrekkeleg IT-kompetanse til å kunne arbeide i journalsystem med pasientoppfølging.
- Krav om politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd.
- Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Personlege eigenskapar
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Du må vere oppteken av fag og framtid.
- Du må vere løysingsorientert og engasjert.
- Du må kunne rettleie kollegaer og elevar/lærlingar/studentar.
- Du har gode evner til å arbeide sjølvstendig i pasientoppfølging og i dialog med pasient/pårørande.
- Du har gode evner til å følgje oppgitte mål for kvar enkelt pasient, og er oppteken av å gjere pasienten mest mogleg sjølvstendig.
- Du må kunne bidra til eit godt arbeidsmiljø.
- Du har godt humør og ei positiv framtoning.
- Du har lojalitet mot arbeidsplass og kollegaer, og eigenskapar til å bidra til eit godt omdøme.
- Du ønskjer å arbeide etter omsorgstrappa, og er oppteken av at pasientar får rett tilbod på rett plass.
Vi tilbyr
- Ein spennande arbeidsplass med base på Haramssenteret.
- Eit godt fagmiljø og god kollegastøtte.
- Vi har stor fokus på teknologi og alternative måtar å arbeide på.
- Løn etter tariff.
Kontaktinformasjon
Grete Grytten, Avdelingsleiar, 48295440, [email protected]
Ingrid Beate Mathisen, Tenesteleiar, 90751954, [email protected]
Arbeidsstad
Storgata 20
6270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommune
Referansenr.: 5043216675
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 07.12.2025
