Om stillingen
Søk jobb som helsefagarbeidar i Strandebarm omsorg!
- 50 % fast stilling ledig frå 1. desember 2025
- Stilling med arbeid på dag og kveld , turnus for tida etter årsplan med arbeid tredje kvar helg
Strandebarm omsorg består i dag av sjukepleiarar, fagarbeidarar, pleiemedarbeidarar, aktivitør, fysioterapeut og lege. Me held til i heilt nytt omsorgssenter i Strandebarm. Vil du vite meir om oss les her: Strandebarm omsorg
Pleie og omsorgstenesta i Kvam har fokus på "Eit godt liv der me bur" og har som mål å skapa omsorgstenester for framtida. Meir satsing på tenester til heimebuande er sentralt i den nye omsorgsmodellen.
Arbeidsoppgåver
Pleie og omsorgsoppgåver i institusjon og heimebaserte tenester, med arbeid på kveld og natt.Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
- Må ha førarkort på bil
- Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden.
- Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner
- Fleksibel og sjølvstendig i arbeidet
- Du må ha positiv innstilling
- Vera serviceinnstilt, engasjert, ta ansvar og vera løysingsorientert
Vi tilbyr
- Variert arbeid både inne i institusjon og ute i heimetenesta
- Gode kollegaer i eit godt arbeidsmiljø
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønnsystem
- Gode pensjons-/ forsikringsordningar
Generell informasjon:
- Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssak.
- I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
- Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Kontaktinformasjon
Liv Berit Bru Eide, Gruppeleiar i Strandebarm, 918 17 408Elisabeth Svåsand, Gruppeleiar i Strandebarm, +47 918 17 408
Arbeidsstad
Strandebarmvegen 5305630 Strandebarm
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kvam heradReferansenr.: 5036227935
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 01.12.2025
Søknadsfrist: 17.11.2025
Elisabeth Svåsand
BedriftElisabeth Svåsand
Vis flere jobber for denne bedriften

