Vinje Kommune

Helsefagarbeidar - 15 % fast (helgestillingar)

Område

Vinje

Publisert

3.10.2026

Søk senest

18.10.2026

Om stillingen

Om stillinga

Vil du vere med og skape gode dagar for våre bebuarar?

Vinje sjukeheim søkjer engasjerte og omsorgsfulle medarbeidarar til helgestillingar. Hos oss får du ein meiningsfull jobb der du gjer ein viktig forskjell i kvardagen til menneske som treng omsorg, tryggleik og gode opplevingar. Du vil jobbe saman med dyktige kollegaer, og me legg til rette for læring, samarbeid og fagleg utvikling. Helgestillinga hjå oss passar godt for deg som er student, elev eller ynskjer verdifull erfaring innan helse- og omsorgstenesta.

Sjukeheimen består av ein langtidsavdeling med 34 bebuarar og ei korttidsavdeling med 9 rom. Langtidsavdelinga er dela inn i tre grupper, der to av gruppene er særleg tilpassa personar med demens.

Me har helgestillingar med ulik stillingsstorleik, med arbeid kvar annan eller tredje helg, med vakter fredag til sundag, eller laurdag til sundag.

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist:

18.10.2026

Arbeidsgivar:

Vinje kommune

Stad:

Vinje

Stillingstittel:

Helsefagarbeidar - helgestilling fast

Stillingar:

4

Heiltid / Deltid:

Deltid

Tilsetjingsform:

Fast

Stillingsprosent:

15

Webcruiter-ID:

5099751727

Startdato:

01.11.2026

Sosial deling :

Del på X

Del på LinkedIn Del på Facebook Del på e-post

Arbeidsoppgåver

  • Omsorg og pleie til sjukeheimsbebuarane
  • Miljøtiltak - tilrettelegge hyggelege kvardagar for våre bebuarar.
  • Praktiske oppgåver i avdelinga, som smøring av mat, oppvask, rydding o.l
  • Samarbeid med bebuarar, pårørande og kollegaer
  • Journalføring

Kvalifikasjonar

  • Du har fagbrev som helsefagarbeidar eller er elev/student innan helsefag og ynskjer arbeidserfaring
  • Søkjarar som ikkje oppfyller utdanningskravet, men som har relevant erfaring, kompetanse eller interesse kan bli vurderte etter ei heilskapleg vurdering
  • Du er ufaglært, men har erfaring/interesse for arbeid på sjukeheim
  • Du har gode munnlege- og skriftlege norskkunnskapar, tilsvarande nivå B2

Personlege eigenskapar

  • Du er påliteleg, arbeidsom og sjølvstendig
  • Du er fleksibel og kan samhandle godt med bebuarar, pårørande og kollegaer
  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du tar initiativ og ynskjer å lære
  • Du har interesse for eldreomsorg
  • Du snakkar og forstår norsk godt
  • Du er stabil

Personleg eignahet vil bli vektlagt ved tilsetjing

Me tilbyr

  • God forsikrings- og pensjonsordning
  • Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar
  • ABC-kurs i demensomsorg og andre fagområde.
  • Fagleg oppdaterte og dyktige kollegaer.
  • Betalt matpause.
  • Løn etter ansiennitet i lokal stige
  • Moglegheit til å påverke din eigen turnus. Me nyttar årsturnus.


I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting.

Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Adresse: Vinjevegen 212, 3890 Vinje, Norge

Opne vegbeskriving (i ny fane)

Kontaktinformasjon

Hanne Kristin Finkenhagen

Avselingsleiar langtidsavdelinga

Telefon: +47 99 25 16 24

E-post: [email protected]

Om arbeidsgivaren

Me ynskjer deg velkomen til Vinje!

Midt mellom Oslo og Bergen, ved foten av Hardangervidda, ligg nasjonalparkkommunen Vinje. Rik på areal, naturlege ressursar, kultur, kontrastar - og historie.

Med sitt store areal har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.

Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er fjellbygder som er sentra i attraktive turistområde. Øyfjell er ei levande bygd, med oppvekstsenter og grendehus.

Me håpar du vil trivast hjå oss!

Les meir om livet i Vinje her

Sjå Vinjefilmen her
Tilbake til toppen

Vinje Kommune

Bedrift

Vinje Kommune

Vis flere jobber for denne bedriften

Søk etter flere lignende stillinger

Vinje

Lignende stillinger

Servicetekniker til vindindustrien – bli med på det grønne skiftet!

Nordex Finland

Fjaler・5.10. - 2.11.
Du finner oss også på sosiale medier:

Jobbsafari er Norges nye arbeidslivsmedium og jobbsøkerside. Jobbsafari tilbyr tips og nyheter om arbeidsliv, jobbsøking og rekruttering. Hos oss finner du flest ledige stillinger med ett enkelt søk! Jobbsafari er en del av Jobbland, et ledende nordisk rekrutteringsmarkedsføringsselskap og en jobbmarkedsplass med millioner av brukere i Finland, Sverige og Norge.

  • Bla gjennom jobber
  • Jobber i ulike områder
  • Jobber i ulike yrkeskategorier
  • Jobber i ulike yrker
  • Jobber i ulike bedrifter
© 2026 Jobbland AS