Helsefagarbeidar, 100% vikariat ledig frå 01.08.24 – 01.03.24
Om stillingen
KOS er ein sjukeheim med totalt 30 plassar fordela på 24 langtidsplassar, 4 korttidsplassar, 1 avlastingsplass og 1 ØHD-plass. På KOS vil du møte ei variert pasientgruppe med stor variasjon i sjukdomsbilete og funksjonsnivå. Dei tilsette trivst godt saman, og er ein omsorgsfull og fagleg engasjert gjeng, med fokus på omsorg, trivsel og fagleg forsvarleg helsehjelp til pasientane.
Hva vi ser etter
Kvalifikasjonar:
· Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
· Interesse for faget og utvikling av dette
· God digital kompetanse
· Må kunne beherske norsk godt munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar:
· Vera fleksibel, strukturert og løysningsorientert
· Ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
· Kunne jobbe sjølvstendig
· Halde seg fagleg oppdatert
Arbeidsoppgaver
Arbeidsoppgåver:
· Utføre helse- og omsorgstenester til brukarar i tråd med gjeldande krav til kvalitet og lovverk
· Medverke til fagutvikling og kompetanseheving i eininga
· Rettleiing, undervisning og informasjon til lærlingar, studentar, brukarar og pårørande
· Tverrfagleg samarbeid
Vi tilbyr
Ein moglegheit til å prøve seg i eit vikariat. Me har eit fantastisk arbeidsmiljø. Dei tilsette er kvinner og menn. Nokre har jobba der lenge, andre kortare tid. Me har fine lokaler med utsikt over Kviteseid vatnet.
Det er kort veg til Kviteseidbyen om ein vil handle.
Me kan vere behjelpeleg med å skaffe bolig om det er naudsynt.
I Vrådal, som er ei av grendene våre, er det golfbane og alpin anlegg.
Kviteseid Omsorgssenter
Kviteseid omsorgssenter (KOS) er ein sjukeheim med totalt 30 plassar fordela på 24 langtidsplassar, 4 korttidsplassar, 1 avlastingsplass og 1 ØHD-plass. På KOS vil du møte ei variert pasientgruppe med stor variasjon i sjukdomsbilete og funksjonsnivå