Astrid Helene Ringdal

Helsefagarbeidar 100 % st.

Område

Stranda

Publisert

6.7.2026

Søk senest

2.8.2026

Om stillingen

Det er ledig fast 100 % stilling som helsefagarbeidar i heimetenesta frå 01.10.26. Arbeid etter til ei kvar til gjeldande turnus. Personalet i heimetenesta yter tenester til  Solbakken omsorgsbustadar, Liabygda omsorgsbustadar og heimebuande i Stranda tettstad og Liabygda. 

Vi er ein engasjert gjeng som er stolt av arbeidsplassen vår, vi har eit godt arbeidsmiljø og høg fagleg kompetanse. Vi søker ein helsefagarbeidar som brenn for fagleg utvikling og kvalitet i arbeidet. Du må vere sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner samt ta utfordring på strak arm. Fag og samarbeid er viktig for oss. Vi nyttar datasystemet Visma Profil og programmet Visma Ressurs for turnusplanlegging.

Aktuelle søkjarar kan/vil bli kalla inn til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2 % pensjonsinnskot. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. Offentleglova § 25. 

Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato.


Arbeidsoppgåver

  • Pleie og omsorg til brukarar med varierande behov
  • Dokumentasjon i pasientjournal
  • Medikamenthandtering
  • Legge til rette for godt samarbeid mellom brukarar, pårørande og kollegaer
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Yte teneste etter gjeldande lovverk, kommunale føringar og fagleg god praksis

Kvalifikasjonar

  • Autorisert helsefagarbeidar
  • Må ha gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg, tilsvarande nivå B2
  • Gode datakunnskapar og kjennskap til velferdsteknologi
  • Førarkort
  • Evne til å halde seg fagleg oppdatert

Personlege eigenskapar

  • Ynskje om å arbeide med eldre og vere oppteken av høg fagleg kvalitet
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Sjølvstendig og målretta
  • Evne til å samarbeide godt med andre
  • Positiv i møte med brukarar og kollegaer
  • Personlege eigenskaper vert vektlagd

Vi tilbyr

  • Varierte arbeidsoppgåver samt innflytelse på eigen arbeidskvardag
  • Kompetanseheving
  • Ungt og fagleg aktivt miljø
  • God opplæring

I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter.  

Offentleg tenestepensjon for nytilsette



Kontaktinformasjon

Astrid Helene Ringdal, Avdelingsleiar HT, +47 46411156

Arbeidsstad

Nymarkvegen 58
6200 Stranda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stranda kommune

Referansenr.: 5153859956
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.10.2026
Søknadsfrist: 02.08.2026

Tilbake til toppen

Astrid Helene Ringdal

Bedrift

Astrid Helene Ringdal

Søk etter flere lignende stillinger

StrandaHelse og sosial

Lignende stillinger

Cabin Crew

Emirates

Dubai16.7. - 30.9.

Spennende helgestilling for assistenter

Bergen Kommune

Bergen11.8. - 25.8.
Du finner oss også på sosiale medier:

Jobbsafari er Norges nye arbeidslivsmedium og jobbsøkerside. Jobbsafari tilbyr tips og nyheter om arbeidsliv, jobbsøking og rekruttering. Hos oss finner du flest ledige stillinger med ett enkelt søk! Jobbsafari er en del av Jobbland, et ledende nordisk rekrutteringsmarkedsføringsselskap og en jobbmarkedsplass med millioner av brukere i Finland, Sverige og Norge.

  • Bla gjennom jobber
  • Jobber i ulike områder
  • Jobber i ulike yrkeskategorier
  • Jobber i ulike yrker
  • Jobber i ulike bedrifter
© 2026 Jobbland AS