Jobbsafari

Helsefagarbeidar - 100%, Knarvik sjukeheim avdeling 1

1 måneder siden
OmrådeIsdalstø
Søk senest2.6.2024
JobbdetaljerFast

Om stillingen

Om stillinga

Bli ein del av vårt dyktige team på avdeling 1 - ei langtidsavdeling med plass til 30 pasientar!

Vi søkjer ein engasjert og kompetent medarbeidare som ønskjer å skape meiningsfull kvardag for pasientar med komplekse behov. Her vil du få moglegheit til å utvikle deg faglig, samtidig som du bidreg til eit godt intern samarbeid til det beste for både pasientar og kollegaer.

Avdeling 1 er organisert i tre grupper, kor alle faggrupper samarbeider tett for å sikre best mulig omsorg. Vi har en dedikert og engasjert arbeidsstokk på alle gruppene, og vi legg stor vekt på å oppretthalde eit høgt nivå på fagleg kompetanse. Dette er essensielt for å sikre at pasientar og pårørande kjenner seg godt ivaretatt hos oss.

Vi har ledig 100 % fast stilling som helsefagarbeidar ved Knarvik sjukeheim avdeling 1. Stillinga har todelt turnus, og arbeid kvar 3. helg.

Ved Knarvik sjukheim er det innført sjukepleietema på kveld og helg. Det medfører at du som helsefagarbeider må utføre ein del prosedyrer/rutinar som sjukepleiar tidlegare har utføre. Dette set krav til dine kunskapar og feridigheiter. Det blir gitt tilpassa opplæring etter eige program dersom du har behov for opplæring/repitisjon.


Arbeidsoppgåver

  • Du gjev omsorgsfull og fagleg forsvarleg pleie etter gjeldande lovverk og interne rutine
  • Kan få medansvar for legemiddelhåndtering
  • Rådgjeving av elevar, lærlingar og kollegaer
  • Samarbeid med pårørande, og med kollegaer på tvers av tenestane i kommunen
  • Være bevisst di rolle som helsefagarbeidar i avdelinga for å sikre gode tenester til pasientane
  • Jobbe aktivt for at pasientane får nytta eigne ressursar i ADL

Kompetansekrav

Autorisasjon som helsefagarbeidar 

Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg. Bestått B2 for søkjare med anna morsmål. 


Kven er du?

Vi søkjer etter ein medarbeidar som bidreg positivt til arbeidsmiljøet. Du arbeidar godt sjølvstendig, og fagleg trygg og handlekraftig. Du har eit genuint engasjement for eldreomsorg og likar å hjelpe pasientar med komplekse helseproblem.   

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.


Vi tilbyr

  • Fagleg spennande arbeid
  • Årsturnus
  • Lønn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
  • Trivelege og engasjerte kolleger i eit godt arbeidsmiljø

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.


Vi er Alver

Bli kjent med Alver kommune


Alver Kommune

Søk etter flere lignende stillinger