eining Meistring og psykisk helse, Giske kommune

Helgestillingar ved Skomakarvegen og Gudmundvegen bufellesskap

OmrådeGiske
Publisert12.3.2025
Søk senest27.3.2025

Om stillingen

I samband med omorganisering i eining Meistring og psykisk helse søkjer vi no nye kollegaer til vår fantastiske arbeidsplass Skomakarvegen og Gudmundvegen bufellesskap, eit bufellesskap for menneske med ulike funksjonsnedsettingar.

Vi søker fleksible, rause og gode lagspelarar som vil bidra til at bebuarane får leve meningsfylte liv. 

Vi har ledig fleire helgestillingar frå snarast, og dei fleste helgestillingene er på om lag 24 % med arbeid kvar 4. helg med seinvakt fredag og langvakter laurdag og søndag. 

I tillegg til formell kompetanse vil personlege eigenskapar og at ein er eigna for stillinga bli vektlagt ved tilsetjing.

Det er krav om gyldig politiattest av ny dato.

Dokumentasjon på utdanning skal sendast som vedlegg til søknaden.


Arbeidsoppgåver

  • Gi teneste til den enkelte bebuar etter gjeldande lov- avtaleverk, faglege retningslinjer og vedtak.
  • Målretta miljøarbeid.
  • For autoriserte sjukepleiar/vernepleiar blir det stil krav om å delta i legemiddeloppfølging samt medisinsk oppfølging av bebuarane på tvers av avdelingane.

Kvalifikasjonar

  • Relevant fagutdanning, men studentar og andre er også velkomne som søkjarar. Dei som har relevant fagutdanning vil bli prioriterte og vil kunne få fast tilsetjing.
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå arbeid i bufellesskap for menneske med nedsett funksjonsnivå.
  • Gjerne med kompetanse og erfaring i arbeid med utfordrande åtferd og kjennskap til Helse- og omsorgstenestelova kap. 9.
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
  • God digital kompetanse.
  • Førerkort for bil med manuell gir.

Personlege eigenskapar

  • God lagspelar som er opptatt av å bidra til eit fagleg godt og inkluderande arbeidsmiljø.
  • Evne til å bygge gode, trygge relasjonar til både bebuarar, pårørande og kollegaer.
  • Gode komunikasjons- og samarbeidsevne.
  • Fleksibel og løysingsorientert.
  • Raus, omgjengeleg og har godt humør.

Vi tilbyr

  • Varierande og givande arbeidsoppgåver.
  • God opplæring.
  • Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.

Kontaktinformasjon

Anne Marthe Busengdal, avdelingsleiar, 41702363
Martin Solbjørg, avdelingsleiar, 40106605
Kristine Finnøy, nestleiar, 90935279
Therese Nordheim Nesseth, einingsleiar, +47 47316717

Arbeidsstad

Gudmundvegen 14
6050 Valderøya

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Giske kommune

Referansenr.: 4936407847
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.03.2025

eining Meistring og psykisk helse, Giske kommune

Bedrifteining Meistring og psykisk helse, Giske kommune
Om bedriften

Giske kommune har om lag 8700 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger