Valderøy omsorgsdistrikt, Giske kommune

Helgestillingar i heimebasert omsorg, Valderøy omsorgsdistrikt

OmrådeGiske
Publisert11.3.2025
Søk senest25.3.2025

Om stillingen

Heimesjukepleien har brukarar i eit vidt aldersspenn, med fleire ulike funksjonsnedsettingar og hjelpebehov. Vi gir helsetjenester og personleg assistanse til dei som har behov for bistand, tilrettelegging og veiledning for å utføre nødvendige daglege gjeremål. Dette gir dei tilsette ein svært variert arbeidskvardag.

Har du lyst på ein meningsfull jobb, i eit engasjerande arbeidsmiljø, med fokus på fag og mange ulike arbeidsoppgåver? Då er dette jobben for deg! Vi har behov for fleire fagarbeidarar, pleiemedarbeidarar og studentar som kan jobbe på helg i ein fast turnus. Stillingsprosent blir opp til deg.  

I tillegg til formell utdanning og praksis, blir det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.

Det er krav om politiattest av ny dato.

Attestar og vitnemål skal sendast i lag med søknaden.


Arbeidsoppgåver

  • Gi stell og pleie til heimebuande.
  • Følge opp medikamenthandtering.
  • Kartlegge og observere helsetilstanden til heimebuande.
  • Tilrettelegge for ernæring etter brukar sitt behov.
  • Ha kvardagsmeistring som tankesett i møte med brukarar og pårørende.
  • Dokumentere i rapporteringsverktøyet vårt, Visma Profil.
  • Gi tjenester i samsvar med gjeldende lover, yrkesetiske retningslinjer, reglar og vedtak.
  • Innvendig og utvendig reinhald av bilane vi disponerer.

Kvalifikasjonar

  • Det er ikkje krav til formell utdanning, men fagarbeidarar med relevant utdanning vil bli prioritert ved tilsetjing, og kan få fast stilling.
  • Erfaring i stell og pleieoppgåver.
  • Du må være interessert i å jobbe innanfor helse og kunne møte mennesker med ulike funksjonssnedsettingar på en god måte.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
  • Du må ha førerkort klasse B, og like å køyre bil.

Personlege eigenskapar

  • Viser omsorg for andre menneske.
  • Er positiv, fleksibel og løysingsorientert.
  • Har gode samarbeidsevner.
  • Har god digital kompetanse.
  • Fagleg dyktig og kan arbeide sjølvstendig.

Vi tilbyr

  • Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
  • Stipendordning for sjukepleiar- og vernepleierstudenter.
  • Tjenestebil til bruk i arbeidstida.
  • God opplæring som er tilpassa ditt behov.
  • Eit godt arbeidsmiljø i lag med engasjerte og dyktige kollegaer.

Kontaktinformasjon

Iren Hovlid, avdelingsleiar heimebasert omsorg, 41702314
Elin Karin Hopland, nestleiar, 41702318
Janita Engeset Ellingseter, einingsleiar, +47 92620535

Arbeidsstad

Valderøya
6050 VALDERØYA

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Giske kommune

Referansenr.: 4936110161
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.03.2025

Valderøy omsorgsdistrikt, Giske kommune

BedriftValderøy omsorgsdistrikt, Giske kommune
Om bedriftenGiske kommune har om lag 8700 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger