Jobbsafari
Heimetenester Midt-Telemark

Helgestillingar - faste

2 måneder siden
OmrådeBø i Telemark
Søk senest4.3.2024
JobbdetaljerFast

Om stillingen

Ønskjer du å bli med å løfta blikket og tenkja framtidsretta? Då kan dette vera noko for deg!

Me i heimetenesta Midt-Telemark har nyleg slått oss saman til ei avdeling, med sone Bø, sone Gvarv og fagsone.
Me skal bruka ressursane på ein betra måte og jobbe enda meir fagretta med pasienten i fokus og kva som er viktig for deg som pasient.

I heimetenesta jobbar du både ute i kommunen og i omsorgsbustader. Tilsette i heimetenesta er så heldige at dei får farta rundt i denne fine kommunen til alle tider på døgnet og får oppleva det fine kommunen har å by på.

 Stillingane som er ledige er:

  • 20 % med fjerde kvar helg, langvakter
  • 24 % med varierande helgefrekvens, langvakter 

 Skriv i søknaden kven prosent og frekvens du ev. ønskjer.


Arbeidsoppgåver

  • Heilhetleg sjukepleie til brukerane. 
  • Medisinhåndtering
  • Prosedyrer
  • Velferdsteknologi
  • Journalføring og dokumentasjon

Kvalifikasjonar

Krav til kvalifikasjonar

  • God kjennskap til bruk av data som verktøy
  • Førarkort kl. B
  • Du må kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg

Ønska kompetanse

  • Autorisasjon som sjukepleiar/helsefagarbeider - studenter og andre kan også søke

Særskilde krav

  • Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4. Skal framvisast før oppstart i stilling.
  • Medisinkurs - kan takast på arbeidsplassen

Personlege eigenskapar

  • Er sjølvstendig og evnar å ta avgjersle
  • God relasjonskompetanse og evne til å skape lagånd og godt samarbeid
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Har interesse og glede av å jobbe med geriatri
  • Løysningsorientert, taklar stress godt
  • Du må kunne prioritere dine arbeidsoppgåver og være fleksibel
  • Omstillingsdyktig, blid og positiv. Eit "ja" menneske

Personlege einegskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
  • Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Kopi av vitnemål og attestar tas med ved eventuelt intervju.

Kontaktinformasjon

Elisabeth Josefsen, Avdelingsleiar, +47 99358302


Arbeidsstad

Gamleveg 46


3802 Bø i Telemark


Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune



Referansenr.: 4770127553


Stillingsprosent: 20, 24%


Fast


Startdato: 18.03.2024


Søknadsfrist: 04.03.2024



Heimetenester Midt-Telemark

BedriftHeimetenester Midt-Telemark
Om bedriften

Me ønskjer i møte med innbyggjarane våre å fremja sjølvstende, kvardagsmeistring, tryggleik og oppleving av styring og kontroll i eige liv. Tenestene me yter skal bidra til å støtta opp under ressursane i personen og samtidig byggja opp under ansvaret til den enkelte og aktiv medverknad i eige liv. Me jobbar ut i frå «kva er viktig for deg?» metodikken og legg til rette for at pårørande, familie og nettverk medverkar i samsvar med ønska til den enkelte. I omsorgstrappa vår er hovudprinsippet at «så lenge eg kan bu heime, så bur eg heime». Me har høgt fokus på gode pasient-/brukarforløp mellom dei ulike trinna i omsorgstrappa.

Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger