Jobbsafari
Solund kommune Helse og omsorg

Helgestilling ved Solundheimen og heimetenesta i Solund kommune

2 måneder siden
OmrådeHardbakke
Søk senest3.3.2024
JobbdetaljerFast

Om stillingen

Solund kommune har slått saman institusjonstenesta og heimetenesta til ei eining, der ei samla personalgruppe har ansvar for både sjukeheimspasientar og heimebuande brukarar. Kommunen har òg si eiga ØHD/KAD seng knytt til institusjonstenesta.

Solundheimen ligg på Hardbakke i Solund og har 19 sengeplassar. Heimetenesta reiser heim til heimebuande i Solund kommune som treng bistand i heimen. Me har ledige helgestillingar med arbeid 2. eller 3. kvar helg.

Stillingsstorleik er 14-20 % avhengig av kor ofte du arbeidar helg.

Arbeidsoppgåver er mellom anna:

  • personleg hjelp og omsorg til brukarar i og utanfor institusjon
  • bidra til god informasjonsflyt på avdelinga
  • vere fleksibel til også å kunne utføre andre relevante oppgåver
  • bidra aktivt til eit positivt arbeidsmiljø

Me ser etter deg som:

  • har helsefagleg utdanning, eller
  • er elev/student og ynskjer helgestilling, eller
  • ikkje har utdanning, men erfaring/interesse for arbeid på sjukeheim eller heimeteneste.

For arbeid i heimeteneste krevst det førarkort på vanleg bil.

Personlege eigenskapar:

  • positiv, engasjert, fleksibel og med humor og godt humør
  • er serviceinnstilt og set bebuarane sine ynskje og behov i fokus
  • kan arbeide sjølvstendig, og god på å samarbeide

Personlege eigenskapar for stillinga vert vektlagt.

Vi tilbyr:

  • Løn i følgje tariff.
  • God offentleg pensjonsordning.
  • Godt arbeidsmiljø.

I tråd med lov om helsepersonell er det krav om godkjend politiattest og utfylt MRSA- og tuberkuloseskjema ved oppstart i stillinga.

Velkomen som søkjar! 


Link til søknadsskjema:

Søk her

Solund kommune Helse og omsorg

BedriftSolund kommune Helse og omsorg
Om bedriften

Solund er eit øyrike ytst i Sognefjorden. Vi har gode kommunikasjonar til fastlandet, inkl. hurtigbåt til Bergen. Sjøen er ein del av både sjela og landskapet i Solund. Aktivitetar knytt til sjøen er mange og rett utanfor døra, enten det er båtliv, kajakkpadling eller fiske. I nybygde Solund Idrettspark finn du kunstgrasbane, friidrettsanlegg, skatepark, klatrepark, discgolfbane og nytt treningsstudio. Vi har òg idrettshall med symjebasseng, eit aktivt skyttarlag, idrettslag, karateklubb, turlag, skulemusikk, kulturskule og mykje meir. Merka turstiar finn du rundt om i heile kommunen. I Solund investerer vi for framtida. I løpet av dei neste åra skal vi bygge ny ungdomsskule, binde saman kommunen ved å realisere Ytre Steinsund bru og fortsette utbygginga av breiband. Klikk på lenkja for å sjå ei film om det flotte øyriket vårt: http://www.youtube.com/watch?v=E3RbqQhfrQQ

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger