Jobbsafari

Helgestilling Masfjorden bu- og aktivitetssenter

OmrådeMasfjorden
Publisert11.11.2024
Søk senest10.11.2025
Søk på jobb

Om stillingen

Om stillinga

Kan du tenkje deg å arbeide i vårt bu- og aktivitetssenter på Hosteland? Her har me godt tilrettelagte bueiningar, eigen aktivitetsavdeling og gode personalfunksjonar. Masfjorden kommune har fokus på løysingar som gjev brukarane mest mogeleg styring over eige liv, og satsar difor aktivt på velferdsteknologi. 

Masfjorden bu- og aktivitetssenter har turnus med langvakter på inntil 14 timar, og gode friperiodar mellom arbeidsøktene. Me kan også leggje til rette for ordinære vaktlengder.

Me har ledige helgestillingar med arbeid kvar 6.helg, men ved ønskje kan det vere oftare. 

Arbeidstida er fredagar, laurdagar og sundagar. 


Arbeidsoppgåver

  • Gje tilrettelagde tenester til brukarane i samsvar med vedtak og plan for den enkelte 
  • Planlegge og gjennomføre felles aktivitetar 

Me ser etter det som

  • Er miljøterapeut, helsefagarbeidar eller barne- og ungdomsarbeidar. Studentar og ufaglærte kan også søke 
  • Har relevant erfaring
  • Har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. For framandspråklege er det krav om bestått norsk nivå B1 

Personlege eigenskapar

  • Du har gode evner til kommunikasjon, samarbeid og teamarbeid 
  • Du er sjølvstendig i arbeidet 
  • Du er tolmodig, ansvarsfull, tydeleg og strukturert 
  • Du er fleksibel i forhold til oppgåveløysing 
  • Du viser initiativ til å skape ein innhaldsrik og aktiv kvardag for brukarane 

Me tilbyr

  • Løn etter tariff 
  • God pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring 
  • Spennande fagleg arbeid som utfordrar og utviklar 
  • Eit godt arbeidsmiljø med mykje moro 

Søknad og tilsetjing 

Me har ikkje søknadsfrist, og vurderer søkjarane fortløpande etterkvart som søknadene kjem inn. 

Politiattest

I tråd med helsepersonellova vert det stilt krav om godkjend politiattest ved tiltrede. 


Masfjorden Kommune

BedriftMasfjorden Kommune
Vis flere jobber for denne bedriften

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger