Om stillingen
Om stillinga
Vi har ved heimetenesta fleire ledige faste helgestillingar, og ynskjer å snakke med deg som ser verdien i å jobbe med mennesker som treng di hjelpande hand. Stillingane passar utmerka ved sidan av studier, og er ein ypperleg moglegheit for å få god erfaring som er nyttig å ha med seg vidare i arbeidslivet. Om du tykkjer dette høyres spanande ut, så ynskjer vi å snakke meir med deg.
Arbeidsoppgåver vil mellom anna vere
- Stell og pleie med fokus på kvardagsmeistring
- Medisinsk oppfølging ut frå kompetanse
- Kontakt og samarbeid med pårørande
- Andre relevante oppgåver
Krav til kompetanse
- Helsefagarbeidar, eller anna relevant helsefagleg fagbrev
- Pleiemedarbeidar/søkjarar utan formell kompetanse kan også bli vurdert
- Krav om godkjend politiattest
- Må ha førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Du likar å arbeide sjølvstendig og å ta ansvar på vakter
- Du har gode kommunikasjonsferdigheiter og evnar å samarbeide i eit tverrfagleg perspektiv. Evnar å sjå heilskapen mellom dei ulike avdelingane og arbeidet som vert gjort
- Du er fagleg trygg, modig og raus - og evnar å gjere tenesta, tilsette og brukarar gode
- Du er påliteleg, stabil og løysingsorientert, med stor evne til gjennomføring
- Har generelt gode datakunnskapar
- Likar du i tillegg travle dagar og å arbeide kunnskapsbasert, så er du kanskje interessert?
Personlege?eigenskapar?vert vektlagt, særskilt evne til å arbeide sjølvstendig og å?vera?fagleg?trygg.?? ??
Vaksdal kommune kan tilby
- Vi har godt arbeidsmiljø, dyktige folk i tenesta og gode ordningar for vidareutdanning og kompetanseheving
- Vi gjev uteljing på lønn for relevant vidareutdanning
- Hos oss får du faglege og personlege utfordringar, og du får moglegheit til å utvikle deg saman med oss
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Individuell oppfølging
- Løn i tråd med tariffavtaleverk
Vaksdal Kommune
Bedrift
Vaksdal Kommune