Heimetenesta tilkallingsvikar 2025
Om stillingen
Om stillinga
Her kan du søka dersom du ønsker å vera tilkallingsvikar i ein av dei 2 einingane til Heimetenesta:
- Heimetenesta - yter tenester til heimebuande i alle aldre som har rett til helsehjelp. Dømer på helsehjelp kan vera hjelp til stell, mattillaging, legemiddelutdeling, reinhald og liknande
- Hauge Omsorgsbustad - inneheldt 16 leiligheter der bebuarane er heimebuande. Hauge Omsorgsbustad har eige personale og har eit tett samarbeid med Heimetenesta
Arbeidsoppgåver
- Omsorg til menneske i deira eigen heim
- Bidra til å styrke brukarane sine eigne ressursar for å ivareta eige liv og helse (kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi)
- Planlegge sjølvstendig og ta raske avgjersler.
- Utføre kliniske vurderingar og fortløpande vurdere brukars heilskaplege tilstand
- Samarbeid med pårørande
- Samarbeid med kollegaer, ergo/fysio, sjukeheim og andre samarbeidspartar
Kvalifikasjonskrav
- Erfaring frå omsorgs- eller helsefagleg arbeid er ein fordel men det er ikkje eit krav. Opplæring vil bli gitt på arbeidsplassen
- Gode kommunikasjonsevner og evne til å skape tillit og tryggleik hjå brukarane våre
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i team og samstundes vere fleksibel med omsyn til arbeidstider
- Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skritfleg og muntleg gjennom bestått B1 test i norsk. For sjukepleiarar gjeld krav om bestått B2 test
- Krav om førarkort klasse B i Heimetenesta, ikkje ved Hauge Omsorgsbustad
Vi tilbyr
- Ein meiningsfull og givande jobb med moglegheit til å gjere ein skilnad i menneskers liv
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
- Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø med gode kollegaer
- Opplæring og rettleiing for å sikre god kvalitet i tenesta
- Gode pensjons- og forsikringsordningar, for tida plasserte hjå KLP
Spørsmål om stillinga
Om du får tilbod om stillinga må du leggje fram gyldig politiattest som er heimla i Helse- og omsorgstenestelova §5-4. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månader.
Alle søknadar skal registrerast digitalt gjennom JobbNorge.
Behovet for vikarar er situasjonsstyrt og kan variere i både i tid og omfang. Me vil derfor ta kontakt med aktuelle søkjarar etter kvart som behovet dukkar opp.
Ved spørsmål om arbeidsstad eller arbeidsoppgåver er du velkomen til å ta kontakt med ein våre avdelingsleiarar. Kontaktinformasjon finn du nederst på denne sida. Du er sjølvsagt velkomen til å ta kontakt for ein uforpliktande prat om du berre ønskjer å vite meir om arbeidet før du eventuelt vel å registrere ein søknad!
Osterøy Kommune
Søk etter flere lignende stillinger
Lignende stillinger
Cabin Crew
TUI Hotel or Service Rep
Norge - Tui Holding AS - Publisert 25.3.2025Arbeidsledere, KONE Oslo
Oslo - Kone Norway - Publisert 16.4.2025Vi søker lagermedarbeidere
Dør og Porttekniker til KONE Doors - Hamar
Finland - Kone Norway - Publisert 14.4.2025Senior innovasjonsrådgiver - Nordic Innovation
Oslo - Nordisk Rad og Nordisk Ministerrad - Publisert 9.4.2025