Hardanger fartøyvernsenter søkjer trebåtbyggjar i 100% stilling
Om stillingen
Vi har ledig fast 100 % stilling som
TREBÅTBYGGJAR
Arbeidsområde:
Skipstømring, innreiing m.m. i samband med istandsetjing av verna og freda tre- og stålfartøy.
Instruksjon av lærlingar
Den ideelle kandidaten har:
- Fagbrev som trebåtbyggjar.
- Teknisk forståing for korleis eit fartøy er bygd.
- Kunnskap om historiske fartøy og maritim kulturhistorie.
- Gode norsk kunnskapar.
Annan relevant bakgrunn (t.d. tømrar, møbelsnikkar) kan vera aktuell kvalifikasjon.
Stillinga inneber noko reiseverksemd, då me har oppdrag i heile landet.
Personlege eigenskapar:
Du er ryddig, engasjert og omgjengeleg og meistrar å arbeide effektivt. Du er lagspelar som er oppteken av positivt arbeidsmiljø og HMT. Du set høge krav til kvalitet, og har interesse og erfaring med antikvarisk istandsetting,
Vi tilbyr:
- Eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver.
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsordningar, bedriftshelseteneste og velferdsordningar
Hardanger og Voss museum er opptekne av mangfald og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke.
Spørsmål om stillinga kan rettast til fagkonsulent
**Søknad sendast til [email protected] innan 19. oktober 2025 **


