Jobbsafari
Volda kommune, Bu- og habiliteringsteneste

Har du lyst til å\nvere ferievikar i Bu og habilitering i\nsommar?

OmrådeVolda
Publisert17.12.2024
Søk senest30.3.2025
Søk på jobb

Om stillingen

Vi søkjer etter deg som har fylt 18 år og har lyst på ein meningsfull sommerjobb i Bu og habilitering. I tidsrommet 16. juni - 10. august kan vi tilby deg inntil 100 % stilling som ferievikar i Bu og habilitering i Volda kommune. Vi treng vikarar ved Sevrinhaugen 1 og 3, Kleppevegen/ Doktorhaugen, Bømarka/ Schjelderup,  og ved Verslavegen 2 i Hornindal. Ved Blåbærhaugen treng vi også vikarar til ulike bu- og avlastningstiltak for barn og unge med utviklingshemming. Det er i tillegg behov for vikarar i dagtilbodet ved Hamna dagsenter.

Vi ber deg skrive i søknaden litt om deg sjølv, når i perioden du kan arbeide og om du har særskilt ynskje om arbeids stad. 

For studentar innan sjukepleie, vernepleie og medisin, kan kommunen tilby stipend på 10.000 kr per år. For dei som får sommarjobb i Hornindal er stipendet kr 20.000. For meir informasjon om vilkår og søknadsskjema, sjå lenke:  https://skjema.volda.kommune.no/skjema/VOL181/Sknad_om_kompetansemidlar_til_utdanning  

Søkjarar som kan arbeide heile perioden vert prioriterte.


Arbeidsoppgåver

  • Miljøarbeid og praktisk bistand for vaksne med utviklingshemming, og andre hjelpebehov
  • Bistå og tilrettelegge for brukarane sine gjeremål ut frå vedtak og tiltaksplanar
  • Jobbe for at brukarane skal oppleve ein kvardag der behova for tryggleik, meistring og
    brukarmedverknad vert ivaretatt
  • Det er arbeid i ulike stillingsprosentar i turnus, kor du kan arbeide dag, kveld, natt og helg. 

Kvalifikasjonar

Vi treng både sjukepleiarar, fagarbeidarar og assistentar 

  • Søkjarar må ha fylt 18 år og må ha gyldig arbeids- og oppholdsløyve
  • Søkjarar må meistre flytande norsk munnleg og skriftleg
  • Relevant praksis er ynskjeleg
  • Førarkort klasse B
  • Før oppstart i stilling må ein framlegge tilfredsstillande politiattest, og eigenerklæring i høve
    tuberkulose.

Personlege eigenskapar

Våre ferievikarar må:

  • Ta ansvar
  • Ha gode samarbeidsevner og fremme delingskultur
  • Vere strukturert, fleksibel og kan jobbe sjølvstendig
  • Vere engasjert, ha godt humør og bidra til eit positivt fellesskap
  • Vere løysingsorientert og ha gode haldningar

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Vi legg også vekt på lojalitet til Volda kommune sine verdiar: RAUS -
MODIG - KOMPETENT - LÆRANDE

Vi tilbyr

Som ferievikar hos oss får du ein variert arbeidsdag i lag med mange kjekke medarbeidarar! Du får møte mange nye menneske og får med deg ei god erfaring vidare i arbeidslivet. 

Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Tilsetjing skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. Vi ber om at søkjarar oppgir namn og kontaktinformasjon til referansar i søknaden. 

I tillegg til stipendordning tilbyr Volda kommunen fylgjande lønsnivå til studentar innan helse- og sosialfag
og medisin:

  • Sjukepleie- sosionom-, barnevern- og vernepleiestudent utan autorisasjon: 85% av løn
    høgskuleutdanna - ferdig med 1 år (60 stp*)
  • Sjukepleie-, sosionom-, barnevern- og vernepleiestudent utan autorisasjon: 90 % av løn
    høgskuleutdanna - ferdig med 2 og 3 år (120 og 180 stp*) 
  • Medisinstudentar - ferdig med 2 år (120 stp*) løn som 1 års sjukepleierstudent
  • Medisinstudentar - ferdig med 4 år (240 stp*) løn som 2 års sjukepleierstudent

* For å få utbetalt denne løna må dokumentasjon på fullført studieår vere innlevert innan utgangen av
engasjementet.

Tilsettingar vert gjort fortløpande.

Kontaktinformasjon

Gry Egset Eriksen, Konst, seksjonsleiar Bømarka, 48132243, [email protected]
Vilde Nilsvik, Seksjonsleiar Blåbærhaugen, 96048363, [email protected]
Monika Mierzejewska, Sekjsonsleiar Kleppevegen / Doktorhaugen, 90891358, [email protected]
Liv Bente Grothaug, Seksjonsleiar Hamna, 48061154, [email protected]
Annette Vatne, Seksjonsleiar Sevrinhaugen, 94854243, [email protected]
Ivar Sørgård, Seksjonsleiar Verslavegen, 48146839, [email protected]
Reidun Elisabeth Sandnes, Avdelingsleiar, +47 95139364, [email protected]

Arbeidsstad

Bømarka 8
6100 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Volda kommune

Referansenr.: 4895235095
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.03.2025

Volda kommune, Bu- og habiliteringsteneste

BedriftVolda kommune, Bu- og habiliteringsteneste
Om bedriften

I folketal er Volda kommune den nest største på søre Sunnmøre, og den sjette største kommunen i Møre og Romsdal. Kommunen ligg strategisk til, midt i kryssinga mellom både fylker og regionar. I overkant av 10.000 personar bor i kommunen, med kort veg til både ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Med kort veg til både Sunnmørsalpane og turløyper manglar det ikkje på naturopplevingar - for heile familien. 

I Volda er det både høgskule og sjukehus, som gjer at tettstaden har eit stort mangfald av menneske frå heile landet. Både student- og kulturlivet lever godt i kommunen, med tradisjonsrike festivalar gjennom kalenderåret og mange lag og organisasjonar å engasjere seg i. 

I kommuneorganisasjonen er det om lag 1.000 engasjerte tilsette som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane. Om også du ønsker ein meiningsfylt og spanande arbeidskvardag oppmodar vi deg til å søke på stillingar som kommunen lyser ut.

Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger