Cathrine Fauske Haferkamp

Har du lyst til å jobbe med driftsoppgåver på sjukehus?

OmrådeBergen
Publisert28.11.2025
Søk senest12.12.2025

Om stillingen

Bemanningssenteret treng fleire tilsette til vårt Ressursteam og har ledig 100% fast stilling. Som medarbeidar i Ressursteamet vil du dekke viktige arbeidsområde i driftsavdelingane på sjukehuset.

Medarbeidarar som blir tilsett får opplæring i arbeid ved Hospitaldrift Reinhald, café, Matforsyning og Vaskeri. Dei som blir tilsett vil få god opplæring og skal jobbe innan alle desse fagområda, ut frå dei behova som blir meldt til Bemanningssenteret. Dette er ein stilling med mykje variasjon i arbeidet og kor ein får god innsikt i drifta i sjukehuset.

På oppdrag frå Hospitaldrift planlegg Bemanningssenteret kor vikarane til ei kvar tid skal arbeide. Medarbeidarane har fast turnus med arbeidstid 07.00-15.00, og pt arbeid kvar 4. helg.

Vikarane våre er viktige arbeidstakarar i Hospitaldrift og vi søker deg som sett store krav til deg sjølv når det gjeld kvalitet i arbeidet. Stor variasjon i arbeidet og fleire arbeidsstader krev svært gode norskkunnskapar og gode kommunikasjonsevner. Arbeidet kan vere fysisk krevande og krev god helse. Det er ein fordel med erfaring frå fleire av fagområda i Hospitaldrift.


Arbeidsoppgåver

HOSPITALDRIFT REINHALD

  • Dagleg reinhald av pasientområde, kontorlokale og fellesareal
  • Vask og reiing av senger
  • Smittevask/spesialreinhald

HOSPITALDRIFT VASKERI

  • Mottak og sortering av skittentøy
  • Handtering av tøy ved hjelp av ulike maskinar
  • Sortering og pakking av reint tøy

HOSPITALDRIFT MATFORSYNING (Kjøkken - Kantine - Keitering - Konferanse)

  • Varemottak og pakking av mat
  • Assistere i matproduksjon
  • Servering av mat/betening av kasse
  • Rydding og oppvask

Kvalifikasjonar

  • Erfaring frå eit eller fleire av fagområda
  • Gode kunnskapar i norsk
  • Forståing av logistikk- og transportsystem
  • God kunnskap om hygiene

Personlege eigenskapar

  • Sjølvstendig og fleksibel
  • Likar og meistrar varierte arbeidsoppgåver
  • Jobbe strukturert og effektivt i eit til tider hektisk miljø
  • Punktleg og nøyaktig
  • Serviceinnstilt
  • Helse til fysisk krevande arbeid
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Utfordrande arbeidsoppgåver i gode fagmiljø med hyggelege kollegaer
  • God opplæring
  • Lønn etter tariff
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar


Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Cathrine Fauske Haferkamp, Seksjonsleiar, 99426755

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5047436424
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.12.2025

Cathrine Fauske Haferkamp

BedriftCathrine Fauske Haferkamp

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

API Architect

Ponsse AS

Kongsvinger5.12. - 29.12.
Anbefalt

Hertz Tromsø Lufthavn søker en dedikert og serviceinnstilt Customer Sales Representative

The Hertz System, Inc.

Tromsø8.12. - 13.12.
Ny5 dager igjen