Jobbsafari
Askvoll kommune Holmedal barnehage

Har du lyst til å jobbe innan oppvekstsektoren? Vi treng fleire engasjerte kollegaer både i skular og barnehagar

2 måneder siden
OmrådeHolmedal
Søk senest31.5.2024
JobbdetaljerVikariat
Søk på jobb

Om stillingen

Vi søkjer etter tilkallingsvikarar i kommunen sine barnehagar, skular og SFO og som kan arbeide i korte eller lengre periodar gjennom heile året. Det kan vere både som assistent og som lærarvikar.
Aktuelle kandidatar vert kontakta og evt. kalla inn til intervju.

Skriv i søknad kva skule/barnehage som er aktuelle og kva arbeidsoppgåver du kan tenkje deg.

Kvalifikasjonar/personlege eigenskapar:

  • Du liker å jobbe med mennesker og kan omgåast både born og vaksne
  • Du har stå-på-vilje, positive haldningar og godt humør
  • Du er initiativrik og ikkje redd for å spørje om hjelp eller å by på deg sjølv
  • Du er ansvarsfull og innbyr til tillit
  • Du tek imot rettleiing og råd med ei positiv innstilling
  • Du syner respekt og er audmjuk både overfor born, personale og foreldre/foresatte.
  • Du snakkar, les og skriv godt norsk
  • Du må ha arbeids- og opphaldsløyve og personnummer

Vi tilbyr:

  • Meningsfull jobb og erfaring som er viktig for framtidige arbeidsgjevarar.
  • Løn etter gjeldande tariff.

Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.  Pensjonsmedlemsskap i KLP/SPK.  Politiattest og tuberkulinattest av ny dato må leggjast fram ved tilsetjng.

Vi ber om at søkjar opplyser om kva arbeidsområde som er mest aktuelt.


Link til søknadsskjema:

Søk her

Askvoll kommune Holmedal barnehage

BedriftAskvoll kommune Holmedal barnehage
Om bedriften

Holmedal barnehage har for tida 21 barn fordelt på 30 plassar og er organisert i ei småbarnsavdeling og ei avdeling for dei større barna. Vi brukar nærmiljøet og er ofte på tur i fjæra og bakken, i skogen og på høgder. Barnehagen samarbeider med nærskulen både ved at ungdommar har arbeidspraksis i barnehagen og at vi nyttar gymsalen. Barnehagen har stort fokus på leiken og på det gode måltid. Inkluderande barnehage- og skulemiljø er felles satsingsområde for alle barnehagane i kommunen.

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger