Har du fagbrev innan industrirørlegging og vil bli med på å skape morgendagens løysningar?
Om stillingen
Ulstein Verft søker etter fagleg sterke kandidatar som har ei interesse for skipsbygging og skipsoppgraderingar i eit spennande og engasjerande miljø. Arbeidsoppgåvene er varierte, og du vil bli ein del av eit fagleg dyktig arbeidsmiljø der du kan utvikle deg og skape resultat saman med oss.
Intervju vert gjennomført fortløpande.Oppgåver du vil jobbe med
Arbeidsoppgåvene er varierte, og kan blant anna innebere:
- Service og reparasjon av ventilar, rør og rørsystem (ISO og Ermeto)
- Tilverking og montering av rørsystem om bord i skip
- Vedlikehald, reparasjonar og overhaling av maskinkomponentar
- Service og vedlikehaldsarbeid på propellar, thrusterar, kjølarar, pumper og liknande
- Montering av til dømes motorar, pumper, og propellar
- Installasjon av skipsmaskineri
Kvalifikasjonar (overskrift)
Vi ønskjer søkarar med fagbrev som industrirørleggar eller andre relevante fagbrev.
Oppgåvene som skal løysast krev ei praktisk og teknisk forståing - frå teikning til sluttprodukt. Det er derfor nyttig med erfaring frå skipsbygging og maritim verksemd. Det er også ein fordel å kunne norsk og engelsk for å kunne diskutere og løyse oppgåver saman med kollegaer.
Kvifor velje Ulstein som arbeidsplass?
Ulstein er ein trygg arbeidsplass med gode HMS-verdiar, gode forsikrings- og pensjonsordningar og fleksitidsavtale for våre tilsette. Med godt humør og vilje til å bidra vil du passe godt inn hos oss. Det er ei god kjensle å vere ein del av eit over 100 år gamalt selskap forbunden med kvalitet, pålitelegheit og leveringspresisjon.I hjartet av Sunnmøre
Om du treng å flytte for å jobbe i Ulstein Verft, så er både Ulsteinvik og kommunane rundt ein flott plass å bu. Vakre fjell og turterreng kan ein enkelt nå til fots, på sykkel eller ski. Det er kort veg til kino, konsertar, badeland, klivrehall, restaurantar og butikkar. Bylivet i Ålesund eller naturopplevingar i Sunnmørsalpane er også berre ein times køyring frå Ulsteinvik.Kontaktinformasjon
Anne Holm Roppen, HR Advisor, 48924332, [email protected]Stig Slettebakk, Department Manager Outfitting & Steel, [email protected]
Arbeidsstad
Osnesvegen 1106065 Ulsteinvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ulstein Verft ASReferansenr.: 4941602614
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.04.2025
Ulstein Verft AS
BedriftUlstein Verft AS
Vis flere jobber for denne bedriftenSøk etter flere lignende stillinger
Lignende stillinger
Cabin Crew
TUI Hotel or Service Rep
Norge - Tui Holding AS - Publisert 25.3.2025Arbeidsledere, KONE Oslo
Oslo - Kone Norway - Publisert 16.4.2025Vi søker lagermedarbeidere
Dør og Porttekniker til KONE Doors - Hamar
Finland - Kone Norway - Publisert 14.4.2025Senior innovasjonsrådgiver - Nordic Innovation
Oslo - Nordisk Rad og Nordisk Ministerrad - Publisert 9.4.2025