Veronica Magnetun Wilhelmsen
Har du erfaring med rådgjeving og vil hjelpe våre unge vidare etter ungdomsskulen? Då vil me sjå din søknad!
Om stillingen
Frå 01.08.26 er det ledig inntil 40% fast stilling som rådgjevar / sosiallærar i Ål kommune, pt Ål ungdomsskule. Det kan vera aktuelt å utvide stillinga ved å kombinere med undervisningsstilling.
Oppgåver:
- sosialpedagogisk rådgjeving og karriererettleiing for elevar som skal velgje vidaregåande opplæring
- koordinere eksternt og internt hjelpeapparat i elevoppfølging
- samarbeide tett med skuleleiing, lærarar, PPT og andre hjelpeinstansar, vidaregåande skule
- oppfølging elevfråvær
- ha ansvar for innsøking i VIGO
Kvalifikasjonar:
- relevant pedagogisk eller sosialfagleg utdanning på minimum bachelornivå
- minimum 60 studiepoeng i rådgivning/karriereveiledning, evt. gjennomføre denne utdanninga snarast
- ynskjeleg med erfaring frå rådgjeving
- dersom stillinga skal bli kombinert med undervisning, er det krav om godkjent lærarutdanning. Før opp i søknaden kva fag du i så fall har undervisningskompetanse i
Personlege eigenskapar:
Personlege eigenskapar blir vektlagde. Vi søkjer deg som
- har god relasjonskompetanse med ungdom, og ungdom med særlege behov spesielt
- har gode samarbeidsevner
- er relasjonssterk og tillitsskapande
- er tydeleg og strukturert
- er praktisk og arbeidslivsorientert
- er positiv, robust og løysingsorientert
- er initiativrik, fleksibel og sjølvgåande
- har stor arbeidskapasitet og arbeidsglede
- har god rolle- og systemforståing
- er strukturert og analytisk
- har gode IKT-kunnskapar
- har kunnskap om relevant lovverk og bruken av dette
- ønsker å delta i skulen sitt fellesskap, både fagleg og sosialt
- har engasjement for elevane og elevane sitt læringsfellesskap
Våre medarbeidarar må ha god evne til munnleg og skriftleg framstilling. Ål kommune nyttar nynorsk som målform.
Vi tilbyr:
- arbeidsplass med gode og utviklande arbeidsmiljø
- skule som er engasjert i pedagogisk utviklingsarbeid og kompetanseheving
- engasjerte og dyktige skuleleiarar
- lønn etter gjeldande tariffavtale
- arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala
Søknad og politiattest:
- vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
- den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månadar
- intervju og tilsetjing kan skje fortløpande i søknadsperioden
- kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista
Velkomen som søkjar!
Link til søknadsskjema: Søk her
Veronica Magnetun Wilhelmsen
Bedrift
Veronica Magnetun Wilhelmsen