Jobbsafari

Gruppeleiar Transport- og parkseksjonen

5 måneder siden
OmrådeBergen
Søk senest4.3.2024
JobbdetaljerFast

Om stillingen

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Kontorsjef 

Eigedomsavdelinga sitt oppdrag er å levere gode bygg og bidra til UiB når sine mål. Vi har av ansvar for forvaltning, drift og vedlikehald av universitetet sin samla bygningsmasse, som omfattar rundt 95 bygningar med i alt 390.000 m2. Avdelinga har om lag 100 tilsette og er organisert i seksjonane Drift, Prosjekt, Fagstøtte og Stab og Større satsingar.

Drift har det daglege ansvaret for FDVU av bygg, tekniske installasjonar og utomhusareal. TPS er ei eining i seksjon Drift som er ansvarleg for m.a. intern transport av materiell og post, samt drift og utvikling av UiB sine utomhusareal.

Gruppeleiar Transport- og parkseksjonen
Ved Eigedomsavdelinga ved Universitetet i Bergen er det ledig ei 100 % stilling som leiar for Transport- og parkseksjonen. Vi søkjer deg som er initiativrik, strukturert og har erfaring med personalleiing, drift/utvikling av utomhusanlegg og logistikk/transport. Du må handtere mange oppgåver samtidig og i samsvar med våre verdiar som er «samhandling, respekt, redelighet og openheit».

Den utlyste stillinga er i dag plassert i UiB sitt nyleg rehabiliterte administrasjonsbygg i Nygårdsgaten 5.


Arbeidsoppgåver vil mellom anna vere (kan verte endra):

  • Personalleiing for ca 10 årsverk
  • Arbeidsleiing og handtering av behovsmeldingar frå brukarar
  • Økonomiansvar for eininga
  • Administrasjon av rammeavtalar innan eininga sitt ansvarsområde
  • Administrasjon av Eigedomsavdelinga sine køyretøy og motorreiskapar
  • Ansvar for vedlikehold og utvikling av UiBs utomhusområder

Stillinga rapporterer til seksjonssjef Drift.


Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Relevant utdanning, fortrinnsvis innan faga: Leiing og administrasjon, anleggsgartnar, gartnar, landskapsarkitekt, logistikk osb. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Dokumentert leiarerfaring og gode evner til å leie og motivere medarbeidarane.
  • Generelle IT-kunnskapar
  • Førarkort kl. B
  • Gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg, eks. Bergenstesten nivå C1: Bergentesten

Vi ser det som ein føremon at søkjar har:

  • Erfaring frå kundebehandling (her ansatte og studentar), serviceinnstilling.
  • Kjennskap til/innsikt i fleire relevante fagområde
  • Erfaring i drift av større uteområde som omfattar parkanlegg, plenar, bakplassar, vegar, gangstiar etc.
  • Erfaring med freda uteområde
  • Erfaring med økonomiansvar, planlegge, budsjettere, rapportere osb.
  • Erfaring med administrasjon av køyretøy og motorreiskapar

Personlege eigeskapar:

  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø og samarbeidsklima
  • Vere kvalitetsbevisst og ha yrkesstoltheit
  • Initiativrik og kreativ med interesse for utvikling
  • Evne til å arbeide nøyaktig og ryddig
  • Kunne handtere fleire utfordringar samtidig
  • Evne til å arbeide effektivt både sjølvstendig og saman med andre
  • Serviceinnstilt

Hos oss kan du vente:

  • Eit fagleg utfordrande arbeidsmiljø med varierte arbeidsoppgåver
  • Inspirerande, inkluderande og triveleg arbeidsmiljø
  • Løn etter stillingskode som Kontorsjef (kode 1054) i løn frå kr 692 400 – 759 100 etter kvalifikasjonar og bakgrunn. For særleg kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare løn.
  • Opplæring og anledning til vidareutdanning og utvikling
  • Velferdsordningar som bedriftsidrettslag, bedriftshytter, kulturarrangement og bedriftsbarnehage
  • Bustadlån til gunstige vilkår i Statens Pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Seksjonssjef Drift
Jan-Terje Nygaard, tlf.915 64650

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for økt likestilling og vektlegger kjønnsbalanse og mangfold i ledergruppene. Kunnskap om og resultater fra aktivt likestillings- og mangfoldsarbeid tillegges vekt ved rekruttering av ledere.

UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stilling

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.


Universitetet I Bergen

BedriftUniversitetet I Bergen
Vis flere jobber for denne bedriften

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger