Jobbsafari
Framtidsfylket AS

Gloppen kommune søker trainee: VA-ingeniør

3 måneder siden
OmrådeSandane
Søk senest15.3.2024
JobbdetaljerTrainee

Om stillingen

Kvifor søke hos oss?

Vi tilbyr ei spennande stilling i eit triveleg arbeidsmiljø, der du får moglegheit til å bidra til samfunnsutviklinga i Nordfjord, hindre unødvendige utslepp og sikre godt vassmiljø i kommunane. Du vil få ein variert kvardag med både kontorarbeid og fysiske tilsyn, i tillegg til fleksibel arbeidstid. Og du vil bli kjent med folk og bransjen i heile regionen. Her vil du ha store moglegheiter for å utvikle deg både fagleg og personleg.

Du vil jobbe saman med leiar for avdelinga, ingeniørar, jurist og miljørådgjevar. Saman vil de jobbe for å betre kvaliteten på vatn og miljø og bidra til tryggleik og god byggteknisk utføring av byggeprosjekt.

Dette vil du gjere:

Som VA-ingeniør vil du utføre tilsyn med spreidde avløp og saman med dei andre faga ha ei viktig rolle i å sikre gode vassmiljø i regionen. Typiske arbeidsoppgåver vil vere:

  • Gjennomføre tilsyn med spreidde avløpssystem for å sikre at dei tekniske anlegga overheld miljøstandardar og reguleringar
  • Vurdere og dokumentere avløpsanlegg, og gi råd om nødvendige forbetringar
  • Samarbeide med lokale myndigheiter og eigarar av avløpsanlegg for å fremje beste praksis og miljøomsyn
  • Rapportere avvik og bistå i å finne pragmatiske løysingar innanfor krava
  • Delta i prosjektarbeid og opplæringsaktivitetar innanfor fagområdet

Vi håpar at du er engasjert og motivert til å bidra til betre miljøforvaltning og berekraftig samfunnsutvikling, at du tek initiativ og ikkje minst at du likar å lære. Ettersom arbeidet vi gjer vil finne stad i ulike kommunar i regionen, har du behov for førarkort på personbil.

Kvalifikasjonar:

  • Relevant utdanning som ingeniør eller fagskuleingeniør
  • Fordel med kjennskap til VA-reguleringar og tekniske standardar
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Kva skjer i Gloppen?

Såg du «71 grader Nord team» i fjor? Då har du garantert sett mykje av den flotte kommunen vår. Det var her kjendisar som jegertvillingane, hockeygutta, Jorun Stiansen og Alejandro Fuentes mellom anna sykla på sti ned frå Haugsvarden og rodde i båt over Ryssfjorden. Friluftslivet er godt tilrettelagt for aktivitetar sommar som vinter og vi har sterke miljø for både idrett og kultur, med alpinsenter, langrennsløyper, idrettshall, symjehall, kino og konsertsal. Ikkje minst ligg flyplassen i Nordfjord – Sandane lufthamn – i Gloppen, og det er enkelt å kome seg til andre delar av fylket og landet. Vi håpar å sjå deg her!


Som Framtidsfylket Trainee får du:

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland fylke
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • Eigen mentor i bedrifta som følger deg opp
  • Fellessamlingar med fagleg og sosialt program
  • Studietur til utlandet
  • Vestlandet 💚

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor, master eller fagskuleutdanning
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • Du må forstå og kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap.

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2024 til august 2025.

Framtidsfylket AS

BedriftFramtidsfylket AS
Om bedriften

Frå 15. desember venter fleire traineestillingar på deg i Vestland.

Er du nyutdanna eller fersk i arbeidslivet? Delta i Framtidsfylket sitt traineeprogram og set spor frå dag éin!

Meld deg på nyheitsbrevet vårt og hald deg oppdatert.

Kva vil det seie å vere trainee i Framtidsfylket? Her får du svara på ofte stilte spørsmål.

Vestland byr på eit variert og spennande næringsliv med store karrieremoglegheiter!

Framtidsfylket er fylket si eiga merkevare for jobb og rekruttering, og omfattar i dag jobbportalen Framtidsfylket.no, Framtidsfylket Trainee og Framtidsfylket Karrieremesser.

Vår jobb er å synleggjere kva som rører seg på jobbmarknaden og kva fritid du kan skape deg i trivselsfylket. Målet er rekruttering og auka tilflytting.

Framtidsfylket.no tilbyr deg gode verktøy for jobbsøking og rekruttering av nye tilsette. Portalen fungerer som eit virtuelt samlingspunkt for arbeidsgjevarar og arbeidssøkjarar, og er alltid oppdatert med siste nytt.

Les meir på Framtidsfylket.no

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger