Mari Bårdvik

Fysioterapeut/spesialfysioterapeut

Område

Sunnfjord

Publisert

8.9.2026

Søk senest

24.9.2026

Om stillingen

Seksjonen Klinisk fysioterapi og førebygging har ledig 100 % fast stilling som fysioterapeut/spesialfysioterapeut. 

  • Arbeidsstad: Førde sentralsjukehus
  • Oppstart:       04.01.2027

Om stillinga
Ein av våre dyktige spesialfysioterapeutar går over i ei anna stilling i seksjonen, og vi har derfor behov for å styrke teamet vårt. Arbeidet vil i hovudsak vere retta mot spesialisert rehabilitering, samt arbeidsoppgåver i andre avdelingar ved behov.

Som fysioterapeut vil du vere ein del av eit sterkt tverrfagleg team rundt pasientar som får spesialisert rehabilitering på sjukehuset. Rehabiliteringsavdelinga har åtte sengeplassar. Vi oppmodar også nyutdanna til å søkje.

Om seksjonen 
Klinisk fysioterapi og førebygging er organisert i medisinsk klinikk, under avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering. Seksjonen har 23 stillingar og gir tenester til alle somatiske avdelingar ved Førde sentralsjukehus, Nordfjord sjukehus og Lærdal sjukehus.

Vi har eit sterkt fagmiljø med engasjerte medarbeidarar med variert erfaring og kompetanse. Seksjonen har eit tydeleg fokus på fagutvikling, kunnskapsdeling og bruk av nye teknologiske løysingar.

I tillegg til driftsoppgåver og dagleg pasientbehandling er fleire tilsette aktive innan innovasjon, tenesteutvikling og kontinuerleg forbetringsarbeid. Saman arbeider vi for å utvikle moderne, framtidsretta og berekraftige helsetenester til beste for pasientane.

Vi er opptekne av eit godt arbeidsmiljø, der samarbeid, fagleg nysgjerrigheit og trivsel står sentralt.


Arbeidsoppgåver

  • Gjennomføre kliniske undersøkingar, funksjonsvurderingar og målretta oppfølging av innlagde pasientar på rehabiliteringsavdelinga. 
  • Bidra inn mot andre avdelingar ved behov.
  • Bidra aktivt i tverrfagleg samarbeid med relevante faggrupper for å sikre heilskapleg pasientbehandling.
  • Dokumentere og journalføre i tråd med gjeldande rutinar og kvalitetskrav.
  • Delta i fagutvikling, undervisning og kompetansedeling på tvers av avdelingar.
  • Samhandle med primærhelsetenesta for å sikre god overgang og oppfølging etter utskriving.
  • Delta i helgevakts - og heilagdagsturnus.
  • Rettleiing av studentar og turnuskandidater.

Kvalifikasjonar

  • Må ha norsk autorisasjon som fysioterapeut.
  • Må meistre norsk godt, både munnleg og skriftleg.
  • Ønskeleg med erfaring med arbeid i tverrfaglege team.
  • Ønskeleg med erfaring fra spesialisthelsetjenesta.   
  • Ønskeleg med erfaring og kompetanse innan nevrologi. 

Personlege eigenskapar

  • Du er ein engasjert person med gode kommunikasjonsevner.
  • Du må kunne strukturere dagen din.
  • Du har høg arbeidskapasitet og evne til å arbeide effektivt, både sjølvstendig og som ein viktig del av tverrfaglige team.
  • Du er løysingsorientert og ønskjer å vidareutvikle deg som terapeut.
  • Du er fleksibel og har fagleg engasjement.
  • Du har gode evner til å engasjere og motivere.
  • Du tek initiativ og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Mentorordning for nytilsette.
  • Eit godt arbeidsmiljø med høg kompetanse på mange ulike fagområde.
  • Moglegheit for fagleg og personleg utvikling.
  • Du blir ein del av eit sterkt fagmiljø.
  • Moglegheit for trening i arbeidstida.
  • Hjelp med bustad, opplys i søknaden dersom det er ønskjeleg.

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Mari Bårdvik, Seksjonsleiar, (+47) 473 78 841

Arbeidssted

Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5156558523
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.09.2026

Tilbake til toppen

Mari Bårdvik

Bedrift

Mari Bårdvik

Søk etter flere lignende stillinger

SunnfjordHelse og sosial

Lignende stillinger

Servicetekniker til vindindustrien – bli med på det grønne skiftet!

Nordex Finland

Fjaler・5.10. - 2.11.
Du finner oss også på sosiale medier:

Jobbsafari er Norges nye arbeidslivsmedium og jobbsøkerside. Jobbsafari tilbyr tips og nyheter om arbeidsliv, jobbsøking og rekruttering. Hos oss finner du flest ledige stillinger med ett enkelt søk! Jobbsafari er en del av Jobbland, et ledende nordisk rekrutteringsmarkedsføringsselskap og en jobbmarkedsplass med millioner av brukere i Finland, Sverige og Norge.

  • Bla gjennom jobber
  • Jobber i ulike områder
  • Jobber i ulike yrkeskategorier
  • Jobber i ulike yrker
  • Jobber i ulike bedrifter
© 2026 Jobbland AS