Jobbsafari
Vestnes kommune Eining for tildeling og koordinering

Fysioterapeut - fast 50 % stilling

1 måneder siden
OmrådeVestnes
Søk senest18.3.2024
JobbdetaljerFast

Om stillingen

Arbeidsstad

Fysioterapeuten er samlokalisert med 1 kommunefysioterapeut, 1,5 private fysioterapeutstillingar med driftsavtale, ergoterapeut og fotterapeut på Aktivitetssenteret på Helland. Aktivitetssenteret, som inneheld nye og og tilrettelagte loklaliteter. 

Arbeidsoppgåver
Stillinga inneheld varierte arbeidsoppgåver og arbeid med mennesker på ulike arena i ulike aldrar.  Samarbeid og fordeling av arbeidsoppgåver med den andre kommunefysioterapeuten.
- fysioterapioppfølging av barn og unge.  Habilitering og Skulehelseteneste.
- rehabilitering/opptrening for heimebuande eldre/vaksne både på Aktivitetssenteret og i heimen.
- fysioterapi for bebuarar ved ulike institusjonar
- tett samarbeide med heimetenestene
- førebyggande/helsefremjande oppgåver

Kvalifikasjonar
- offentleg godkjenning som fysioterapeut
- erfaring med barnefysioterapi
- evne til å være fleksibel, og arbeide sjølvstendig
- god samarbeidsevne og interesse for rehabilitering og tverrfagleg samarbeid
- IT kunnskap
- beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2
- må ha god kommunikasjonsevne
- må ha førarkort kl B.

Personlege eigenskapar
- er stabil og fleksibel
- fagleg engasjert
- ha godt humør og vilje og evne til å jobbe i eit hektisk miljø
- ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
- det vert vektlagt at ein er personleg eigna

Vi tilbyr
- godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
- løn etter gjeldande avtaleverk
- kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
- pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale

Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar. 

Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.

Aktuelle søkjarar vert innkalla til intervju.


Link til søknadsskjema:

Søk her

Vestnes kommune Eining for tildeling og koordinering

BedriftVestnes kommune Eining for tildeling og koordinering
Om bedriften

Eining for tildeling og koordinering arbeider etter ei målsetting om at alle innbyggarar i kommunen skal sikrast lik tilgang til naudsynte og forsvarlege helse- og omsorgstenester. Eining for tildeling og koordinering ligg i det nye helsehuset Stella Maris. Helsehuset er eit heilt nytt bygg som vi tok i bruk april 2021. Her finn du både legesenter, heimeteneste, eining for tildeling og koordinering, bibliotek, frivilligsentral, kafe og institusjonsplassar. Omsorgsdelen er rusta for framtida, med godt utbygd og installert velferdsteknologi. Vidareføring og bruk av velferdsteknologi for heimebuande blir eit viktig arbeid i fortsettinga.

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger