Jobbsafari
Solund kommune Helse og omsorg

Fysioteapeut 100% vikariat

OmrådeHardbakke
Publisert9.2.2024
Søk senest3.3.2024

Om stillingen

Fysioterapeuten vår skal ha permisjon, kunne du tenke deg eit år med stor grad av variasjon, ansvar og spanande arbeidsoppgåver? 

Solund kommune har ledig stilling som fysioterapeut, 100% vikariat i perioden 1. mai 2024 - 30. april 2025. 

Hos oss vil du vere einaste fysioterapeut, men arbeidar tett i lag med mellom anna ergoterapeut, legetenesta, sjukeheim og heimeteneste.

Arbeidskvardagen er variert med kartlegging og oppfølging av brukarar frå 0 – 100 år, med alt frå helsestasjonsarbeid, kurativ behandling og oppfølging av  bebuarar på sjukeheim.

Som einaste fysioterapeut vil du ha mogelegheit til å påverke og styre arbeidskvardagen din.

Arbeidsoppgåver 

  • Oppfølging av pasientar på individ- og gruppenivå
  • Kartlegge funksjonsnivå og hjelpebehov
  • Konsultasjonar i helsestasjons- og skulehelsetenesta
  • Delta i tverrfaglege team
  • Helsefremjande og førebyggjande arbeid, som til dømes heimebesøk, kvardagsrehabilitering, barseltrening og «Aktiv på dagtid»
  • Delta i fagutvikling og tverrfagleg samarbeid
  • Delta i koordinerande eining, og som koordinator og i individuelle planar ved behov   
  • Opplæring av tilsette på sjukeheim og i heimetenesta
  • Delta i aktuelle prosjekt
  • Andre oppgåver etter behov

Kvalifikasjonar

  • Fysioterapeut med norsk autorisasjon.
  • God medisinsk fagleg innsikt og rehabiliteringskompetanse.
  • Erfaring og kompetanse på helsefremmande og førebyggande arbeid.
  • God formidlingskompetanse.
  • God norsk munnleg og skrifteleg framstillingsevne.
  • Førarkort kl. B.

Personlege eigenskapar

  • God evne til å kommunisere og motivere menneske i ein krevjande livsituasjon.
  • Fleksibel.
  • Sjølvstendig.
  • Gode samarbeidsevner.
  • God datakunnskap.

Erfaring og kjennskap til kommunal fysioterapiteneste er ein fordel.

Vi tilbyr

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Løn etter avtale.
  • Fagleg utfordrande og spanande arbeidsoppgåver.
  • Arbeide saman med dyktige kollegaer i eit tverrfagleg team.
  • God oppfølging av næraste leiar. 

Tilsetting elles i tråd med HTA. Løns- og arbeidsvilkår er i h.h.t. gjeldande lover, reglement og tariffavtalar. Prøvetid med 6 månader.
Ved tilsetjing vert det krevd politiattest, ikkje eldre enn 3 mnd, og utfylt MRSA-skjema.

Offentleg søkjarliste:
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg informasjon. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

Velkomen som søkjar.

Solund kommune har vurdert marknadsføring av stillinga, og ynskjer berre kontakt med søkjarar.


Link til søknadsskjema:Søk her

Solund kommune Helse og omsorg

BedriftSolund kommune Helse og omsorg
Om bedriftenSolund er eit øyrike ytst i Sognefjorden. Vi har gode kommunikasjonar til fastlandet, inkl. hurtigbåt til Bergen. Sjøen er ein del av både sjela og landskapet i Solund. Aktivitetar knytt til sjøen er mange og rett utanfor døra, enten det er båtliv, kajakkpadling eller fiske. I nybygde Solund Idrettspark finn du kunstgrasbane, friidrettsanlegg, skatepark, klatrepark, discgolfbane og nytt treningsstudio. Vi har òg idrettshall med symjebasseng, eit aktivt skyttarlag, idrettslag, karateklubb, turlag, skulemusikk, kulturskule og mykje meir. Merka turstiar finn du rundt om i heile kommunen. I Solund investerer vi for framtida. I løpet av dei neste åra skal vi bygge ny ungdomsskule, binde saman kommunen ved å realisere Ytre Steinsund bru og fortsette utbygginga av breiband. Klikk på lenkja for å sjå ei film om det flotte øyriket vårt: http://www.youtube.com/watch?v=E3RbqQhfrQQ

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger