Jobbsafari
Sunnfjord kommune Fysio- og ergoterapitenesta

Fysio, og ergoterapitenesta søker

OmrådeSunnfjord
Publisert29.11.2024
Søk senest12.12.2024

Om stillingen

Fysio/ergoterapitenesta i Sunnfjord kommune har 22 tilsette, fordelt mellom arbeidsstadane Førde, Naustdal, Sande og Skei. Tenesta består av fysioterapeutar, ergoterapeutar og serviceteknikarar med ansvar for hjelpemiddel. Eininga har eit godt fagmiljø, med mange dyktige og engasjerte medarbeidarar.

Sunnfjord kommune ligg sentralt plassert på vestlandet, og har om lag 22 000 innbyggarar. Førde er den største byen og eit knutepunkt i tidlegare Sogn og Fjordane fylke. Køyreavstand til Bergen er om lag 3,5 timar, og i regionen er det flyplassar både i Førde, Florø, Sogndal og Sandane. Regionen er omkransa av fjordar og fjell, noko som legg til rette for flotte naturopplevingar. I nærområdet er det mange moglegheiter for fine toppturar, både til fots og på ski, og her er fleire skianlegg.

100% vikariat fysioterapeut 15.01.2025 - 31.12.2025

Arbeidsoppgåvene som ligg til stillinga er i hovudsak knytt til arbeid med barn og unge, i områda Førde og Sande i Sunnfjord. I vikariatet kan det også vere aktuelt med arbeidsoppgåver retta inn mot vaksne og eldre.

Tenesta har eit nært samarbeid med andre kommunale tenester, og vi legg vekt på heilskapleg og tverrfagleg samhandling. 

Som fysioterapeut vil arbeidsoppgåvene dine i hovudsak vere:

  • Vurdering, oppfølging og rettleiing av barn/unge med motoriske vanskar. Dette skjer på ulike arenaer, som til dømes i heimen, i barnehage/skule og i lokala våre i Førde og på Sande.
  • Oppfølging av barn/unge med behov for habilitering.
  • Hjelpemiddelarbeid.
  • Rettleiing og tverrfagleg samarbeid med andre faggrupper.
  • Det kan også bli aktuelt med arbeidsoppgåver tilknytt vaksne og eldre brukarar, som til dømes poliklinisk oppfølging, oppfølging på korttidsavdeling, drift av treningsgrupper og anna.

Søkar må ha:

  • autorisasjon som fysioterapeut
  • førarkort klasse B
  • gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • politiattest må leverast før oppstart i stillinga

Søkar bør:

  • ha god arbeidskapasitet, og kunne handtere ein kvardag med mange og varierte arbeidsoppgåver
  • vere strukturert, og kunne planlegge eigen arbeidskvardag
  • ha god kjennskap til bruk av IT-verktøy; i Sunnfjord kommune nyttar vi  journalprogramma CosDoc, Pasientsky og CGM.
  • vere fagleg trygg, og er flink både til å samarbeide med andre og til å arbeide sjølvstendig
  • ha erfaring frå kommunehelsetenesta er ein fordel, men ikkje eit absolutt krav
  • ha noko erfaring frå arbeid med fysioterapioppfølging av born er eit ønske, men ikkje eit absolutt krav

Nyutdanna fysioterapeutar vert også oppfordra til å søke!

Oppgje referansar i søknaden

Velkommen som søkar til flotte Sunnfjord!


Link til søknadsskjema: Søk her

Sunnfjord kommune Fysio- og ergoterapitenesta

BedriftSunnfjord kommune Fysio- og ergoterapitenesta
Om bedriftenSunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.

Søk etter flere lignende stillinger