Jobbsafari

Førstekonsulent/rådgjevar (jurist)

26 dager siden
OmrådeOslo
Søk senest9.8.2024
JobbdetaljerFast
Søk på jobb

Om stillingen

Om seksjonen

Trafikksikkerhetsseksjonen har ansvaret for departementet sitt arbeid med trafikktryggleik på veg, og forvalting og utvikling av vegtrafikklovgivinga og regelverket for yrkestransport. Dette er eit breitt og mangearta område, med stor merksemd politisk og frå nærings- og interesseorganisasjonar, media og publikum.

Forvalting og utvikling av vegtrafikklovgivinga og regelverket for yrkestransport inneber ansvar for eit mangfald av dagsaktuelle område som til dømes trafikkreglar, fartsgrenser, førarkort, el-sparkesyklar og selvkøyrande køyretøy, drosje, buss og tungtransport. Seksjonen har utstrekt samarbeid med andre departement og etatar, og stort omfang av EØS-arbeid.

Seksjonen er ein av tre seksjonar i Veg-, by og trafikktryggleiksavdelinga, og består no av 14 medarbeiderar i tillegg til seksjonsleiar.

Arbeidsoppgåver

Vi søkjer ein allsidig og lærevillig jurist som vil arbeide med eit breitt spekter av seksjonen sine oppgåve som

  • lov- og forskriftsarbeid innan vegtrafikk og yrkestransportområdet
  • sakshandsaming av enkeltsaker og klagesaker
  • utgreiingsarbeid, arbeid med regelverksutvikling og anna endringsarbeid nasjonalt og internasjonalt
  • fagleg rettleiing og råd til politisk leiing innanfor ansvarsområda til seksjonen

Det er og aktuelt å bidra inn i andre oppgåver i seksjonen, og stillinga gir gode moglegheiter til fagleg utvikling. Stillinga kan innebere noko reising.

Kvalifikasjonar

Vi søkjer deg som har master i rettsvitskap og som har evne til å uttrykkje deg godt skriftleg og munnleg både på norsk og engelsk. Det er ein føremon om du har erfaring frå offentleg verksemd og erfaring frå vegtrafikk- og/eller yrkestransportområdet.

Du må kunne jobbe sjølvstendig, ha god gjennomføringsevne og evne til å sette deg raskt inn i nye problemstillingar. Du må samstundes vere løysingsorientert og arbeide godt saman med andre.

Vi legg og vekt på at du har god rolle- og systemforståing, generell samfunnsinteresse og interesse for departementet sine arbeidsområde og politiske prosessar.

Vi kan tilby

  • Arbeid med dagsaktuelle saker
  • Utfordrande og interessante oppgåver
  • Hyggeleg arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
  • Moglegheit for trening i arbeidstida
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse

Stillinga er lønna som førstekonsulent/rådgjevar i lønnspennet frå kr. 532 200 - 692 400.

Nyutdanna kan søkje.

Les dette før du søkjer

  • Vi ber om at du legg ved vitnemål og relevante attestar.
  • Vitnemål fra norske utdanningsstader bør bli lasta opp frå Vitnemålsportalen.
  • Utenlandske vitnemål må verte godkjend av direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK dir).
  • Det vil bli gjennomført bakgrunnssjekk på kandidaten som blir tilsett i stillinga.
  • Den som blir tilsett må kunne bli autorisert for tilgang til informasjon gradert BEGRENSA etter sikkerheitslova.
  • Offentleg søkjarliste vil foreligge etter søknadsfristen. I samsvar med offentleglova §25 kan det gjerast unntak for opplysningar om søkjar frå offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om det. Den som ønskjer å reservere seg mot å stå på offentleg søkjarliste, må grunngje dette. Ved eventuelt avslag, vil søkjar bli kontakta før offentleggjering og få tilbod om å trekkje søknaden.
  • Vi oppmodar søkjarar til å krysse av om dei har funksjonsnedsetjing, hol i CV eller innvandrarbakgrunn. Avkryssingane dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Les meir om arbeid i departementa her: Vår arbeidshverdag – Jobb i departementene (regjeringen.no)

Generell informasjon

Du kan få nærare informasjon om stillinga ved å kontakte avdelingsdirektør Lasse Lager på telefon 22 24 82 65/ 905 60 878.

Samferdselsdepartementet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ynskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livsrøynsle og perspektiv, og oppmodar alle kandidatar med nødvendige kvalifikasjonar til å søkje. Vi vil tilretteleggje for medarbeidare som har behov for det.

Samferdselsdepartementet

BedriftSamferdselsdepartementet
Vis flere jobber for denne bedriften

Lignende stillinger